Nyheiter, algoritmar og filterbobler
I dag blir det brukt algoritmar i ulike delar av mediebransjen for å styre informasjonstilgangen vår. Det gjeld både kommersielle tenester, nyheitstenester og søkjetenester.
Også distribusjonen av nyheiter og journalistisk innhald blir påverka av algoritmar.
Tal frå Medietilsynet viser at sosiale medium er den viktigaste nyheitskjelda til dei unge.
Vel ein SoMe-kanal, til dømes Facebook, Snapchat eller Instagram.
A) Undersøk og vurder
Kva slags journalistisk innhald får du opp i nyheitsstraumen din?
Les gjennom nokre av sakene. Korleis vil du vurdere innhaldet? Opplever du sakene som relevante og engasjerande? På kva måte?
B) Vel ut ei nyheitssak som engasjerer deg, og studer saka
På kva måte engasjerer denne nyheita deg?
Kvifor har du fått tilgang til akkurat dette nyheitsinnhaldet, trur du? Grunngi svaret ut frå det du har lært om stordata og algoritmar.
Presenter svaret ditt for ein klassekamerat.
C) Refleksjon med ein klassekamerat
Ifølgje Medietilsynet er sosiale medium den viktigaste nyheitskjelda til dei unge. Kva er utfordringane ved det?
Kva kan skje når redaktørstyrte medium misser fotfestet som nyheitskjelder?
Algoritmestyrte tilrådingar av nyheiter kan tilby publikum relevant og persontilpassa innhald, og kan også ha innverknad på brukaropplevinga. Kva positive konsekvensar kan det ha for samfunnet?
Når distribusjonen av nyheiter blir påverka av algoritmar, kan det føre til filterbobler.
Brukarane får nyheiter som stadfester deira eigne synspunkt, mens informasjon som ikkje stemmer med deira eigne oppfatningar, blir sortert bort. Det kan få konsekvensar for demokratiet vårt.
A) Diskuter påstanden "Filterbobler kan true demokratiet"
Gjennomfør ein klassedebatt der de tek føre dykk påstanden. La diskusjonen gå føre seg gjennom skriftlege innlegg på Facebook eller i ein annan chattekanal.
Finn argument for og mot påstanden, og skriv dei ned.
Presenter argumenta dine for personen du sit ved sidan av. Kom med innspel og tilbakemeldingar til kvarandre.
Opprett eit digitalt diskusjonsforum.
Publiser argumenta som innlegg. Alle i klassen bør publisere minst eitt innlegg.
Ver sakleg, og vis ytringsansvar!
Ta deg tid til å lese argumentasjonen til resten av klassen. Kom med motargument der det passar.
B) Sluttrefleksjon
Kva slags digitale spor har du late etter deg i denne debatten?
Kva konsekvensar kan det få?
Kva er utfordringane ved å bruke Facebook eller andre sosiale medium som diskusjonsforum i skulesamanheng?
Relatert innhald
Kva er føremålet med bruken av stordata og algoritmar, og korleis kan dette truge demokratiet vårt?
Når du søkjer på Google, sørgjer ein algoritme for å gi deg informasjon som stemmer med synspunkta som inngår i brukarprofilen din. Er det så farleg, då?