Hopp til innhald

Fagstoff

Stordata og algoritmar

Når du bruker internett, sosiale medium og appar, legg du igjen digitale spor. Programmerte algoritmar utnyttar mønster i dataspora dine. Kva er føremålet med bruken av stordata og algoritmar, og korleis kan dette truge demokratiet vårt?
Fingeravtrykk på ein dataskjerm. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stordata og algoritmar

Ny teknologi har gjort det mogleg å samle inn og behandle gigantiske mengder data. Dei enorme datamengdene kallar vi stordata. Algoritmar beskriv kva ei datamaskin skal gjere med ei gitt mengd stordata.

Kva er stordata?

Omgrepet stordata kjem frå det amerikanske big data. Det kan forklarast som digitaliserte data i stort omfang, frå ulike kjelder. Behandling av stordata inngår i stadig fleire prosessar i samfunnet vårt.

Stordata er store informasjonsmengder som blir samla inn, lagra og behandla. Når vi bruker internett, sosiale medium og appar i kvardagen, legg vi igjen digitale spor. Informasjonen blir registrert, samla, organisert og analysert på ulike måtar. Algoritmar blir brukte til behandling av store datamengder.

Kva er algoritmar?

Ein algoritme er ein framgangsmåte, eller ei oppskrift, som beskriv steg for steg kva ei datamaskin skal gjere med ei gitt datamengd. Strøymetenester, nettbutikkar og sosiale medium bruker ulike algoritmar for å handtere og styre informasjonsstraumar. Avanserte algoritmar samanliknar og analyserer stordata.

Føremålet med å bruke stordata og algoritmar

Ein kan analysere stordata for å identifisere og spå utvikling og trendar. Algoritmar bruker mønster i dataspora dine – det kan vere søkjehistorikk på internett, likerklikk i sosiale medium eller informasjon du har gitt frå deg via appar på mobiltelefonen. Dette er personleg informasjon som fortel mykje om deg. Digitale spor kan seie noko om kva som engasjerer deg, og kva produkt du kan vere interessert i å kjøpe.

Den enorme datamengda kan brukast av ulike aktørar med ulike intensjonar. Stordata og algoritmar kan nyttast til både kommersielle, politiske og samfunnsnyttige føremål.

Kommersielle føremål

Ved hjelp av algoritmar kan annonsørar skreddarsy reklame til bestemde målgrupper.

Kva slags reklame du får, kvar og når du får han, og kva for samanheng du er i når han blir vist, kan programmerast inn i algoritmen. Går du til dømes inn i ein sportsbutikk, kan du få digital reklame på mobiltelefonen som fortel at butikken har tilbod på treningsbaggar.

Styrer informasjonstilgang

Men éin ting er å samle informasjon for å selje ei vare. Det er noko heilt anna når denne informasjonen blir brukt til å styre informasjonstilgangen vår.

Stadig færre hentar informasjon frå tradisjonelle nyheitskanalar som TV, radio og papiraviser. I dag får vi i aukande grad nyheiter via digitale plattformer som PC, mobil og nettbrett.

Ut frå digitale spor kan media skreddarsy visningar ved hjelp av algoritmar. Algoritmestyrte tilrådingar om nyheitsinnhald kan by publikum relevant og persontilpassa innhald, og kan ha innverknad på brukaropplevinga. Det kan gjere det lettare å finne engasjerande innhald i eit stadig skiftande nyheitsbilete.

Når informasjonsstraumar blir styrte av algoritmar, kan det føre til ein ekkokammereffekt. Omgrepet blir brukt om ein situasjon der informasjon, idéar eller oppfatningar blir forsterka gjennom gjenteken kommunikasjon innanfor ei avgrensa gruppe. Dette kan påverke samfunnsdebatten.

Les meir om ekkokammer og filterbobler i artikkelen "Vi lever i ei filterboble".

Politiske føremål

Algoritmar kan også brukast til politiske føremål. Gjennom persontilpassa og skreddarsydd politisk reklame har politikarane ei unik moglegheit til å påverke deg. Algoritmar blir ein del av sentrale prosessar i demokratiet.

Det knyter seg ei rekkje etiske spørsmål til denne bruken av algoritmar. Når algoritmar er med på å styre nyheitsstraumar frå media og politisk marknadsføring, står vi framfor ein utfordrande situasjon.

Algoritmar som er styrte av kommersielle teknologiselskap, kan bidra til å påverke vala og dei demokratiske prosessane våre. Algoritmar og ekkokammer blir trekte fram som nokre av dei største trugsmåla mot demokratiet i dag.

Samfunnsnyttige føremål

Person med munnbind bruker mobil med bytrafikk i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Styresmaktene kan bruke stordata og algoritmar til samfunnsnyttige føremål, som til dømes sjukdomsnedkjemping.

I 2020 vart vi ramma av ein verdsomspennande covid-19-pandemi, som fekk enorme konsekvensar. Innovative løysingar vart utvikla i kampen mot koronaviruset. Mellom anna vart stordata og algoritmar brukte til smittesporing og til å spreie informasjon om smittevern.

Informasjon som er samla inn om enkeltpersonar på internett og i sosiale medium, er ein viktig del av arbeidet til styresmaktene med å førebyggje terrorhandlingar.

Eit digitalt samfunn er svært sårbart for såkalla cyberangrep frå framande makter. Analysar av stordata frå internett blir derfor brukte i etterretningsverksemd òg.

Avgrensa innsyn og mangel på openheit

Sporingsteknologi blir brukt til å samle inn stordata frå ulike kjelder. Informasjon om nettbruken din blir lagra og forvalta i store databasar, før han blir selt vidare til annonsørar. Kva informasjon teknologiselskapa har om oss, og korleis denne informasjonen blir brukt, er lite transparent.

Vi har avgrensa innsyn i korleis våre personlege data blir brukte. Manglande kontroll kan føre til uheldig marknadsføring eller skjult diskriminering. Det kan gå ut over ressurssvake forbrukarar og sårbare personar. Mangel på openheit knytt til korleis stordata og algoritmar blir brukte og forvalta, kan resultere i at vi misser kontroll og blir offer for avgjerder vi ikkje forstår.

Tenk over

  • Kva er konsekvensane viss du trykkjer på Godta-knappen når ein nettstad vil spore deg?

  • Forstår du eigentleg kva du seier ja til?

Kjelder

Datatilsynet. (2017, 5. juni). Big Data – personvernprinsipper under press. https://www.datatilsynet.no/regelverk-og-verktoy/rapporter-og-utredninger/big-data/

Medietilsynet. (2021, september). Hvordan oppdage falske nyheter og persontilpasset innhold på nettet?
https://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/stopp-tenk-sjekk-2021/medietilsynet_seniorguide_magasin.PDF

Schwebs, T., Ytre-Arne, B. & Østbye, H. (2020). Media i samfunnet. Samlaget.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen, Albertine Aaberge, Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørda.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2021

Læringsressursar

Konsekvensar av medieutviklinga