Hopp til innhald

Fagstoff

Personleg mediert kommunikasjon

Nye mediekanalar har opna for ei ny form for kommunikasjon. Interaktiv teknologi gjer det mogleg for oss å dele og delta. Kommunikasjonen treng ikkje vere ein medviten prosess med ein tydeleg bodskap til mottakaren, men litt av poenget er kanskje likevel å få tilbakemeldingar?

Personleg mediert kommunikasjon

Omgrepet personleg mediert kommunikasjon er eit faguttrykk frå medievitskapen som blir brukt om personleg kommunikasjon i sosiale medium. Typisk for denne kommunikasjonsforma er at ho har trekk frå både personleg kommunikasjon og massekommunikasjon: Sendaren er ein privatperson, men bodskapen kan like godt ha mange mottakarar som få. Ei Facebook-melding kan til dømes vere synleg berre for enkeltpersonar eller venner, eller ho kan vere offentleg. Mottakarane kan gi direkte tilbakemelding, og kommentarane kan lesast av alle som har sett den opphavlege meldinga. Kommunikasjonen går ikkje berre begge vegar, han går «alle vegar».

Også store og små bedrifter og organisasjonar har byrja å ta i bruk Facebook og andre sosiale medium for å sende ut informasjon og reklame. Strengt teke er det ikkje snakk om reell personleg mediert kommunikasjon, for sendaren er ingen privatperson, og formålet er heller ikkje privat. Like fullt vil mottakaren oppleve Facebook-meldingar som ein langt meir personleg kontakt med sendaren enn ein reklamebrosjyre som kjem i posten.

Tradisjonelle massemedium har opna for tilbakemeldingar frå brukarane, og brukarane kan òg seiast å vere innhaldsprodusentar når dei kommenterer og diskuterer i opne forum.

Nye kommunikative reglar

Det har etter kvart oppstått eigne kommunikative reglar for personleg mediert kommunikasjon, på same måten som dei kommunikative reglane som gjeld for samtalar ansikt til ansikt. Skriftlege meldingar på sosiale medium og SMS-ar er prega av eit munnleg språk som understrekar nærleik og vennskap. Ord og uttrykk blir forkorta for å spare tid. Innhaldet har gjerne ein uformell karakter, og ein refererer ofte til personlege opplevingar og erfaringar.

Tilbakemelding blir gjerne gitt i korte kommentarar eller ved hjelp av «blir likt» og smilefjes. Du har sikkert kjent den kriblande kjensla når eit lite raudt ikon på Facebook-sida di viser at 15 personar har kommentert statusen din. Slike tilbakemeldingar «smør» kommunikasjonen og fungerer på same måte som når den du snakkar med, smiler og nikkar.

Teknologi skaper avstand. Ei skuggeside ved personleg mediert kommunikasjon er at det kan verke som om terskelen er lågare for ekstreme ytringar. Mykje tyder òg på at den sperra vi vanlegvis har mot å sjikanere andre menneske, blir borte. Vi ser ikkje kor lei seg dei vi rammar, blir, og vi slepp å bli konfronterte med at andre avskyr måten vi oppfører oss på.

Påverkar massekommunikasjon

Mediert personleg kommunikasjon endrar òg vilkåra for massekommunikasjon. Interaktiv teknologi gjer at tradisjonelle medium i dag får direkte tilbakemelding frå mottakarane via kommentarar og diskusjonssider.

Mottakarane deler òg informasjon med medieredaksjonane i form av bilete og videoopptak som blir sende frå mobil, eller korte meldingar på Twitter. Slik kan brukarane direkte påverke den bodskapen massemedia formidlar. Dette kallar vi borgarjournalistikk.

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2020

Læringsressursar

Konsekvensar av medieutviklinga