På Vg1 lærte du om dei tre reglane for rekneskapsføring. Vi tek ein rask repetisjon av desse.
Regel nummer 1
- Ei debitering av ein eigedelskonto aukar verdien.
- Ei kreditering av ein eigedelskonto reduserer verdien.
Døme: Bedrifta har teke ut 5 000 kroner frå banken og lagt pengane i kassa. Du debiterer konto 1900 Kontantar og krediterer konto 1920 Bankinnskot.
Regel nummer 2
- Ei debitering av ein gjeldskonto reduserer gjelda.
Døme: Bedrifta betaler 10 000 kroner i avdrag på eit lån. Du krediterer konto 1920 Bankinnskot og debiterer konto 2240 Pantelån.
- Ei kreditering av ein gjeldskonto aukar gjelda.
Døme: Bedrifta har lånt 400 000 kroner av banken og kjøpt ein bil. Du debiterer konto 1230 Bilar og krediterer konto 2240 Pantelån.
Regel nummer 3
- Ei debitering av ein eigenkapitalkonto reduserer eigenkapitalen.
Døme: Eigar og dagleg leiar tek ut 15 000 kroner til privat bruk. Du krediterer konto 1920 Bankinnskot og debiterer konto 2060 Privatuttak.
- Ei kreditering av ein eigenkapitalkonto aukar eigenkapitalen.
Døme: Det blir eit positivt resultat når ein resultatkonto blir avslutta. Du fører resultatet som kredit på konto 2050 Eigenkapital.
Resultatkontoane i forhold til balansen
Alle posteringar du gjer på kontoane for resultat, salsinntekter og kostnader, har betydning for balansen. Alt som aukar eigenkapitalen, blir ført i kredit. Alt som reduserer eigenkapitalen, blir ført i debet. Det vil seie at inntekter alltid skal førast i kredit, fordi det aukar eigenkapitalen. Kostnader skal alltid førast i debet, fordi det reduserer eigenkapitalen.