Rekneskapen til Henriks skatebutikk
Balansen
Desse balansepostane har skatebutikken per 1. januar 20xx:
varebehaldning: kr 250 000
inventar: kr 300 000
kontantar: kr 5000
banklån: kr 520 000
bankinnskot: kr 400 000
eigenkapital: kr ?
Kontoar i rekneskapen
I tillegg til kontoane i balansen bruker Henrik desse kontoane i rekneskapen:
privatkonto
salsinntekter
husleige
straum
andre driftskostnader
rentekostnader
I januar 20xx har Henriks skatebutikk følgjande forretningstilfelle:
2.1. Betaler på via nettbanken fakturaer som har komme på e-post, med betalingsfrist same dato:
husleige: kr 10 000
straum: kr 3500
3.1. Registrerer salsinntekt i nettbanken: kr 15 000
5.1. Betaler avdrag og renter på lån i nettbanken
avdrag: kr 6 000
renter: kr 1 500
6.1. Registrerer salsinntekt i nettbanken: kr 7 500
10.1. Overfører til privat bruk: kr 10 000
13.1. Registrerer salsinntekt i nettbanken: kr 12 500
20.1. Overfører til privat bruk: kr 10 000
Før inngåande balanse.
Før forretningstilfella i januar.
Overfør saldo på privatkonto til eigenkapitalkonto.
Avslutt rekneskapen.
Kva synest du om resultatet for butikken i januar?