Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Endringar i varebehaldninga

Du har kanskje vore med på vareteljing i ein butikk, men veit du kvifor det er viktig å få oversikt over storleiken på varebehaldninga?

Varebehaldninga er verdien av butikken sine varer, som anten står i butikken eller på lageret. Det er viktig for bedrifta å vite om varebehaldninga har blitt større eller mindre i løpet av året. Derfor skal varene teljast ved årsskiftet.

Ei endring i verdien av varebehaldninga i løpet av eit rekneskapsår kallar vi ei behaldningsendring. Vi bruker ordet vareutgift om varene som blir kjøpte inn i løpet av året. Varekostnad er innkjøpsprisen på varer som har blitt selde.

I desse oppgåvene skal du bruke omgrepa varekostnad, vareutgift og varebehaldning riktig.

Oppgåve om auke i varebehaldninga

I denne oppgåva skal du vise korleis ein posterer ein auke i varebehaldninga. Du skal finne vareutgift og varekostnad. Oppgåva ligg i reknearket du lastar ned.

Oppgåve om nedgang i varebehaldninga

I denne oppgåva skal du vise korleis ein nedgang i varebehaldninga blir postert. Du skal finne vareutgift og varekostnad. Oppgåva ligg i reknearket du lastar ned.

Oppgåve om endring i varebehaldninga

I oppgåva får du oppgitt inngåande og utgåande varebehaldning. Du skal finne endringa, og svare på spørsmåla om vareutgift og varekostnad.