Du skal føre og avslutte rekneskapen for skomakar Andersen.
Skomakar Andersen starta skomakarverkstad 01.11.20xx. Her er ei oversikt over kor mykje pengar han skaffa for å drive verkstaden, og korleis han brukte pengane før han begynte å drive verkstaden.
- Andersen handla inn maskiner for kr 20 000.
- Andersen handla inn hyller, benker, bord og stolar. For dette inventaret betalte han kr 5 000.
- Andersen leiger eit lite lokale til kr 6 000 i månaden. Han måtte ut med forskotsbetalt husleige for tre månader. Han hadde derfor allereie betalt kr 18 000 då han starta opp.
- Andersen ønskte å ha kr 2 000 i vekslepengar i ei kontantkasse i verkstaden.
- I tillegg til kontantane hadde Andersen kr 30 000 i innskot på ein bankkonto.
- Andersen skaffa pengane han måtte ha som eigenkapital til verkstaden, sjølv.
- Eigenkapitalen var på til saman kr 75 000.
Opprett inngåande balanse-t-konto. Begynn å føre rekneskapen ved å setje opp kontoane du treng (sjå etter tips i kontoplanen), og før inn inngåande balansetal.
Når du har gjort dette, skal du føre alle kjøp og sal som skjer i verkstaden i november månad:
- 02.11. sel han sko som han har laga, for kr 8 500 (salsinntekt). Kundane betaler kontant.
- 05.11. kjøper Andersen inn lêr og lêrsolar, stiftar, lim og råmateriale (varekjøp) for kr 10 000. Han betaler med bankkort.
- 10.11. betaler han husleige for november månad på kr 6 000 frå bankkontoen.
- 18.11. sel han sko som han har reparert, for kr 4 300 (salsinntekt). Kundane betaler kontant.
- 25.11. kjøper han inn meir lêr og råmateriale til reparasjon (varekjøp) for kr 5 000. Han betaler kontant.
- 29.11. sel han sko som han har laga, for kr 11 400 (salsinntekt). Kundane betaler kontant.
- 31.11. avsluttar han rekneskapen for å sjå korleis det har gått.
Før og avslutt rekneskapen for Andersen.
Arbeidsbok til oppgåva finn du her:
Filer
Fasit til oppgåva finn du her:
Filer
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Eva Carmen Jensen.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2018