Hopp til innhald

Fagstoff

Avskrivingar

Nokre eigedelar, som til dømes bilar, taper raskt verdi. For at oversikta over eidedelane i ei bedrift skal vise rett verdi, må dei avskrive nokre av eigedelane.
Jente med frakk og vernebriller sit på ein kopimaskin og ventar på utskrifter frå han. Foto og ilustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor bruker vi avskrivingar?

Rekneskapen i ei bedrift skal vise eit riktig bilete av resultatet av drifta, og verdien av eigedelar og gjeld. Vi bruker avskrivingar i rekneskapen til å hjelpe oss med dette arbeidet.

Avskrivingar er ein rekneskapsmessig kostnad som viser at ein eigedel blir mindre verd. For at ei bedrift skal definere noko som ein eigedel, skal han ha ein varig verdi, det vil seie at han skal kunne vare i minst 3 år. Kostprisen til eigedelen skal òg vere minst 15 000 kroner (2021).

Ting som blir kjøpt inn til bedrifta, og som anten ikkje har varig verdi eller kostar mindre enn 15 000 kroner, blir ikkje rekna som eigedelar. Slike ting skal kostnadsførast med éin gong.

Det er viktig at eigedelane i ei bedrift har riktig verdi i rekneskapen. Dersom investorar skal kjøpe aksjar i ei bedrift, må dei vite kva verdiar som finst i bedrifta. Det er òg viktig at materielle verdiar, som bilar og maskinar, står oppførte med riktig verdi i rekneskapen, i tilfelle dei skal seljast.

Du bør kjenne til to ulike måtar å berekne avskrivingar på, lineær avskriving og saldoavskriving.

Lineær avskriving

Ved lineær avskriving avskriv bedrifta eigedelen med eit like stort beløp kvart år. For å berekne det årlege avskrivingsbeløpet tek bedrifta verdien av eigedelen og deler på talet på år eigedelen er forventa å vare.

Døme: Bedrifta har kjøpt ein kopimaskin som skal avskrivast. Dei vel lineær avskriving i rekneskapen. Kopimaskinen kostar 50 000 kroner og skal avskrivast over 5 år. Det betyr at avskrivingskostnaden kvart år er innkjøpsprisen delt på 5. I dette tilfellet blir avskrivingskostnaden 10 000 kroner kvart år, som det går fram av tabellen under.

År

Verdi på starten av året (kr)

Avskrivingssats (del av innkjøpsverdi)

Avskriving (kr)

Restbeløp på slutten av året (kr)

1

50 000

1/5

10 000

40 000

2

40 000

1/5

10 000

30 000

3

30 000

1/5

10 000

20 000

4

20 000

1/5

10 000

10 000

5

10 000

1/5

10 000

0

Saldoavskriving

Ved saldoavskrivingar blir eigedelen avskriven prosentvis likt kvart år. Kronebeløpet som eigedelen blir avskriven med, blir då høgast første år og lågare for kvart år som går.

Når du skal saldoavskrive, kan du bruke avskrivingssatsane til Skatteetaten. Prosentsatsane er ulike for ulike kategoriar av eigedelar. For ein kopimaskin kan du bruke 30 prosent. Då blir utrekningane for kopimaskinen slik som i tabellen under.

År

Verdi på starten av året (kr)

Avskrivingssats (%)

Avskriving (kr)

Restbeløp på slutten av året (kr)

1

50 000

30

15 000

35 000

2

35 000

30

10 500

24 500

3

24 500

30

7 350

17 150

4

17 150

30

5 145

12 005

5

12 005

30

3 602

8 404

Når du bruker saldoavskriving, blir etter kvart restbeløpet veldig lite. Bedrifta kan avskrive heile beløpet når det kjem under 15 000 kroner. I dette tilfellet kan bedrifta velje å avskrive 17 150 kroner i det fjerde året, eller 12 005 kroner i det femte året.

Tenk over

Kva avskrivingsmetode synest du viser den mest riktige verdien på eigedelen?

Kjelder

Skatteloven. (1999). Lov om skatt av formue og inntekt (LOV‑1999‑03‑26‑14). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1999-03-26-14/§6-10

Digitaliseringsdirektoratet. (2021, 20. mai). Avskrivning. Altinn. https://www.altinn.no/starte-og-drive/regnskap-og-revisjon/regnskap/avskrivning

Skatteetaten. (u.å.). Avskrivingssatser. Henta 6. juli 2021 frå https://www.skatteetaten.no/satser/avskrivningssatser

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2021

Læringsressursar

Rekneskap