Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis forstå og presentere ein enkel rekneskap?

Rekneskapen i ei bedrift inneheld mange tal. Korleis skal vi setje opp tala for å skape samanheng og forståing?
Nærbilete av ein penn og ein kalkulator med grafar i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Resultatrekneskap

Ved å lage ein rekneskap kan vi rekne ut om ei bedrift har tent eller tapt pengar i ein periode. Vi kallar dette talet resultatet, og derfor bruker vi omgrepet resultatrekneskap.

Resultatrekneskapen viser det økonomiske resultatet av drifta til ei bedrift i ein bestemd periode. Enkelt forklart er resultatet inntekter minus kostnader. Når inntektene er større enn kostnadene, er resultatet positivt. Dette kallar vi overskot. Viss kostnadene er større enn inntektene, blir det negativt resultat, underskot.

Resultatrekneskapen er både for internt og for eksternt bruk. Internt blir det brukt som eit styringsverktøy, mens det eksternt mellom anna blir brukt overfor investorar. Oppsettet av den interne og den eksterne rekneskapen er ganske likt, men ikkje heilt.

Intern resultatrekneskap

Vi set opp den interne resultatrekneskapen på same måte som resultatbudsjettet, slik at vi enkelt kan samanlikne budsjett- og rekneskapstal i ein budsjettkontroll.

Resultatrekneskap til internt bruk
20xxkr
Salsinntekt
– varekostnader
= bruttoforteneste
– sum indirekte kostnader
+ renteinntekter
– rentekostnader
= resultat

Vi startar med salsinntektene og dei direkte kostnadene, som ofte er varekostnader. Deretter finn vi bruttoforteneste ved å trekke dei direkte kostnadene frå salsinntektene.

Dei indirekte kostnadene er kostnader som kjem uavhengig av kor mykje som blir produsert eller seld.

Vi finn resultatet ved å trekke sum indirekte kostnader og rentekostnader frå bruttoforteneste og dessutan legge til eventuelle renteinntekter.

Ekstern resultatrekneskap

Når vi skal setje opp den eksterne resultatrekneskapen, må vi følge malen som er gitt i rekneskapslova.

Resultatrekneskap
20xxkr
Salsinntekter
– varekostnader
– lønnskostnader
– avskrivingar
– andre driftskostnader
= driftsresultat
+ renteinntekter
– rentekostnader
= resultat før skatt
– skattekostnad
= resultat

Vi byrjar med salsinntektene. Driftsresultatet finn vi ved å trekke varekostnader, lønnskostnader, avskrivingar og andre driftskostnader frå salsinntektene.

Lønnskostnadene omfattar både brutto lønn, feriepengar og arbeidsgivaravgift.

På driftsresultatet legg vi til eventuelle renteinntekter og trekker frå rentekostnader, og vi får då resultatet før skatt.

Bedrifta er ei eiga juridisk eining og må betale skatt av resultatet. Eit enkeltpersonføretak trekker ikkje frå skattekostnaden i resultatrekneskapsoppsettet, fordi resultatet blir ført på den personlege skattemeldinga til eigaren.

Korleis forstå tala i ein resultatrekneskap?

Når vi skal forstå, eller lese, ein resultatrekneskap, byrjar vi gjerne nedst med å sjå på resultatet. Det viser kor stort overskot, eller eventuelt underskot, bedrifta har fått.

Driftsresultatet i det eksterne oppsettet viser kor mykje bedrifta har tent på vanleg drift. Det vil seie resultat før renteinntekter og rentekostnader.

Om vi har auka driftskostnader, som varekostnader, lønnskostnader og marknadsføringskostnader, er det interessant å sjå det i forhold til salsinntektene. Det er ikkje negativt med ein auke i desse kostnadene om salsinntektene har auka meir.

Bruttofortenesta, som er salsinntekter minus varekostnadar, er eit viktig tal, fordi det viser kor mykje bedrifta har igjen til å dekke indirekte kostnader og forteneste.

For å få eit godt innblikk i økonomien til ei bedrift bør vi samanlikne rekneskapstal for fleire år for å sjå etter utviklingstrekk.

Resultatgrad

Resultatgrad viser forholdet mellom resultat og sum inntekter, og det er eit mål på lønnsemd. For å berekne resultatgraden tek du resultatet og deler på sum inntekter og gonger med 100.

årsresultatsum inntekter×100=resultatgrad

Kjelde

Rekneskapslova. (1999). Lov om årsregnskap m.v. (LOV-1998-07-17-56). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1998-07-17-56

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2022

Læringsressursar

Rekneskap