Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teorispørsmål om kjøp og sal på kreditt

Kor mykje hugsar du? Svar på oppgåvene to og to, som eit gruppearbeid eller som ein kviss i klassa.
Foto av ein sparegris i porselen som blir slått sund med ein hammar. Myntar og bitar av sparegrisen fyk utover.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Forklar forskjellen på ein innskotskonto og ein kassekredittkonto.

  2. Kva er ein faktura?

  3. Kva meiner vi med kreditt?

  4. Kva er ein leverandør, og kva meiner vi med leverandørgjeld? Kva nummer startar kontoen for leverandørgjeld med?

  5. Kva er ei kundefordring, og kva nummer startar kontoen for kundefordringar med?

  6. Kvifor bør kvar enkelt kunde og leverandør ha sin eigen konto i rekneskapen?

  7. Kva er ei saldoliste?

  8. Kva meiner vi med at kundar og leverandørar vanlegvis blir viste som sumpostar i balansen? Kvifor blir det sett opp på denne måten?

  9. Bedrifta Flisa AS kjøper varer frå leverandøren Helmax AS og får faktura datert 14.1. Betalingsfristen er 10 dagar. Beløpet er på kr 38 000. Korleis blir dette ført i rekneskapen?

  10. Bedrifta Tingen AS sel varer til kunden Filex AS, og sender faktura datert 11.11 med betalingsfrist 11.12. Beløpet er på 7 000 kroner. Korleis blir dette ført i rekneskapen?

Relatert innhald

Bedrifter som kjøper og sel på kreditt, treng eigne kontoar i rekneskapen for leverandørgjeld og kundefordringar, og gjerne ein kassekredittkonto.

CC BY-SASkrive av Heidi Bukten.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2022

Læringsressursar

Rekneskap