Hopp til innhald
Oppgåve

Oppgåver om meirverdiavgift

Her skal du repetere det du har lært om meirverdiavgift. Jobb saman to og to, eller arranger ein konkurranse i klassen.
  1. Kva er meirverdiavgift?
  2. Kva viser konto 270 Utgåande meirverdiavgift?
  3. Kva viser konto 271 Inngåande meirverdiavgift?
  4. Meirverdiavgifta skal spesifiserast på fakturaen. Kva er grunnen til det?
  5. Forklar korleis meirverdiavgiftsoppgjeret går føre seg.
  6. Kva viser konto 274 Oppgjerskonto meirverdiavgift?
  7. Kva situasjon er bedrifta i når konto 274 viser debetsaldo?
  8. Kor mange avgiftsterminar er året delt inn i?
  9. Kva er ei mva.-melding?
  10. Kor skal mva.-meldinga sendast?
  11. Last ned Excel-fila, og gjer oppgåvene om rekneskapsføring av meirverdiavgift.
Tips til gjennomføring av konkurranse

Del inn klassa i grupper på to eller tre personar. De blir einige om kor lang tid gruppene kan bruke, til dømes 30 minutt. Læraren har laga ein fasit. Gruppene byter svar, og vurderer dei ved å gi 1 til 6 poeng per spørsmål, avhengig av kor godt svar dei har på spørsmålet. Gruppa med flest poeng blir utropt til vinnar, og gjennomgår spørsmåla til slutt.