Hopp til innhald

Fagstoff

Årsrekneskapen

Rekneskapslova stiller krav til at ein årsrekneskap skal setjast opp på ein bestemd måte. Dette gjer det enklare for eigarar, investorar og andre interessentar som ønsker innsyn i økonomien i bedrifta.
Ein person peiker med penn på eit ark med statistikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utarbeiding av årsrekneskap

Alle bedrifter i Noreg som er registrerte i Brønnøysundregisteret, skal levere ein årsrekneskap. Kven som helst har innsyn i tala som finst i dette registeret. Bedriftene skal alltid følge det same oppsettet i den innleverte årsrekneskapen, og vi kallar dette eit eksternt rekneskapsoppsett.

Når vi skal presentere ein årsrekneskap som skal brukast eksternt, tek vi utgangspunkt i rekneskapslova som bestemmer korleis ein årsrekneskap skal sjå ut.

Årsrekneskapen skal innehalde resultatrekneskap, balanse, kontantstraumsoppstilling og noteopplysningar. Lova presiserer at årsrekneskapen skal gi eit rett bilete av eigedelane og gjelda til bedrifta, den finansielle stillinga og resultatet.

Resultatrekneskap

Ein resultatrekneskap skal vise det økonomiske resultatet av drifta i ei bedrift i ein bestemd periode. Ein årsrekneskap skal vise resultatet av drifta i eit år og brukast eksternt.

Resultatrekneskap

20xx

kr

Salsinntekter
– varekostnader
– lønnskostnader
– avskrivingar
– andre driftskostnader
= driftsresultat
+ renteinntekter
– rentekostnader
= resultat før skatt
– skattekostnad
= årsresultat

Vi byrjar alltid med salsinntektene. Driftsresultatet finn vi ved å trekke varekostnader, lønnskostnader, avskrivingar og andre driftskostnader frå salsinntektene.

Lønnskostnadene omfattar både brutto lønn, feriepengar og arbeidsgivaravgift.

På driftsresultatet legg vi til eventuelle renteinntekter og trekker frå rentekostnader, og vi får då resultatet før skatt.

Bedrifta er ei eiga juridisk eining og må betale skatt av resultatet. Eit enkeltpersonføretak trekker ikkje frå skattekostnaden i resultatrekneskapsoppsettet, fordi resultatet blir ført på den personlege skattemeldinga til eigaren.

Balanse

Balansen er ei oppstilling som viser eigedelane til bedrifta og korleis desse er finansierte med høvesvis eigenkapital og gjeld.

balanse

20xx

kr

Eigedelar
Anleggsmidlar
Omløpsmidlar
= sum eigedelar
Eigenkapital og gjeld
Eigenkapital
Langsiktig gjeld
Kortsiktig gjeld
= sum eigenkapital og gjeld

I balansen er eigedelane oppdelte i anleggsmidlar og omløpsmidlar.

Anleggsmidlar er til dømes eigedom, bilar eller maskinar. Dette er eigedelar med lang levetid, det vil seie lengre enn eitt år.

Omløpsmidlar er til dømes pengar på konto, kundefordringar og varelager. Dette er ting som blir forbrukte i løpet av eitt år.

Eigenkapitalen er den innskotne og opptent kapitalen til eigaren. Eigenkapitalen finn vi ved å trekke sum gjeld fra sum eigedelar.

Langsiktig gjeld er banklån med nedbetaling over meir enn eitt år. Kortsiktig gjeld er kassekreditt, leverandørgjeld og anna kortsiktig gjeld med nedbetaling under eitt år.

Kontantstraumsoppstilling

For å få oversikt over likviditeten til bedrifta set vi opp ei kontantstraumsoppstilling. Ho viser dei faktiske inn- og utbetalingane bedrifta har hatt i løpet av eit år.

Likviditet er evna bedrifta har til å betale rekningar til rett tid. Resultatrekneskapen og kontantstraumsoppstillinga gir til saman god informasjon om den økonomiske situasjonen for bedrifta.

Ei kontantstraumsoppstilling kan sjå slik ut:

Kontantstraumsoppstilling

Enkelt oppsett for kontantstraum

31.12.xx

31.12.xx(+1)

+ innbetaling frå sal
– utbetaling til varekjøp
– utbetaling til lønn
+ innbetaling av renter
– utbetaling til renter
A= netto kontantstraum drift
+ innbetaling ved sal av varig driftsmiddel
– utbetaling ved kjøp av varig driftsmiddel
B= netto kontantstraum investeringar
+ innbetaling ved låneopptak
– utbetaling ved nedbetaling av lån
+/– endring i kassekreditt
C= netto kontantstraum finansiering
A+B+C netto kontantbehaldning

Endring kontantbehaldning =

31.12.xx–31.12.xx(+1)

Relatert innhald

Her skal vi lære å føre rekneskap. Vi skal òg sjå litt på samanhengen mellom budsjett og rekneskap, og vi skal lære om resultatrekneskap og balanse.

Kjelder

Rekneskapslova. (1998). Lov om årsregnskap m.v. (LOV-1998-07-17-56). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1998-07-17-56

Triplex. (u.å.). Hva er en kontantstrømoppstilling? https://www.tripletex.no/ordbok/hva-er-kontantstromoppstilling/

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 23.08.2023

Læringsressursar

Rekneskap