Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekneskapen i butikken til Annelise

Annelise har ein gåve- og interiørbutikk. For å halde oversikt over økonomien fører og avsluttar ho rekneskapen kvar månad. Ho startar med inngåande balanse, fører deretter alle dei økonomiske forretningstilfella, for til slutt å avslutte rekneskapen mot resultat og balanse.
Makronar pakka som gåve. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når Annelise har gode rutinar på å avslutte rekneskapen kvar månad, kan ho samanlikne resultata i løpet av året.

Balansen

Desse balansepostane har Annelise per 1. juni 20xx:

  • inventar: kr 200 000

  • varebehaldning: kr 550 000

  • bankinnskot: kr 250 000

  • banklån: kr 750 000

  • eigenkapital: kr ?

Kontoar i rekneskapen

I tillegg bruker Annelise desse kontoane i rekneskapen:

  • skuldig skattetrekk

  • utgåande mva.

  • inngåande mva.

  • oppgjerskonto mva.

  • skuldig arbeidsgivaravgift

  • kommen arbeidsgivaravgift

  • skuldig feriepengar

  • salsinntekter

  • varekjøp

  • lønn

  • feriepengar

  • arbeidsgivaravgift

  • avskriving på inventar

  • husleige

  • marknadsføringskostnader

  • andre driftskostnader

  • rentekostnader

Oppgåve

  1. Set inn namn og nummer på kontoane du skal bruke.

  2. Før inngåande balanse og dei økonomiske forretningstilfella for juni.

  3. Avslutt rekneskapen.

  4. Kommenter resultatet og balansen.

Arbeidsbok

Filer

I juni 20xx har Annelise følgjande forretningstilfelle i butikken:

Alle salsinntekter er inklusiv 25 % utgåande meirverdiavgift.

2.6. Salsinntekt: kr 150 000

3.6. Betaler husleige: kr 30 000

5.6. Salsinntekt: kr 120 500

6.6. Betaler renter (kr 2 500) og avdrag (kr 5 500) på lån

12.6. Betaler reklamebyrå for sommarkampanje: kr 18 500 (inkl. mva.)

13.6. Salsinntekt: kr 130 500

15.6. Betaler leverandør: kr 55 600 (inkl. mva.)

15.06. Lønn. Før inn tala frå tabellen inn på kontoane:

Brutto lønn

160 160 kr

Netto lønn

123 200 kr

Skattetrekk

36 960 kr

Arbeidsgivaravgift, 14,1 %

22 582 kr

Feriepengar, 12 %

19 219 kr

Arbeidsgivaravgift av feriepengar

2 709 kr

20.6. Salsinntekt: kr 90 500

30.6. Internt bilag: avskriving inventar: kr 13 000

30.6. Overført utgåande mva.

30.6. Overført inngåande mva.

Løysingsforslag

Filer

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2022

Læringsressursar

Rekneskap