Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekneskapen i praksisbedrifta

Korleis arbeider praksisbedrifta di med rekneskap? I denne oppgåva skal du utforske korleis bedrifta jobbar med økonomi, med fokus på rekneskap.
Tankefull gut med tankeboble fylt med tal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle bedrifter fører rekneskap. Rekneskapsføring gir oss informasjon om kva inntekter og kostnader vi har hatt, og vi får ei oversikt over eigedelar, gjeld og eigenkapital. Du skal i denne oppgåva utforske korleis praksisbedrifta di fører rekneskap og fakturerer, og korleis rekneskapen blir rapportert til leiinga og eventuelt styret i bedrifta.

I praksisbedrifta di er det éin eller fleire som jobbar med økonomi og rekneskap. Du må få hjelp frå dei til å løyse oppgåva.

Oppgåve

  1. Har bedrifta eigne tilsette som fører rekneskapen, eller nyttar dei eit rekneskapskontor?

  2. Har bedrifta kundar som dei sender fakturaer til? Undersøk i så fall kva rutinar bedrifta har på betalingsfristar og purring.

  3. Ta utgangspunkt i årsrekneskapen til bedrifta, og finn dei følgjande hovudpostane i resultatrekneskapen:

Resultatrekneskap

Kroner

Sum driftsinntekter

Varekostnader

Lønskostnader

Avskrivingar

Andre driftskostnader

Driftsresultat

Sum finansinntekter

Sum finanskostnader

Resultat før skattekostnad

Skatt

Årsresultat

  1. Ta utgangspunkt i årsrekneskapen til bedrifta og finn dei følgjande hovudpostane i balansen:

Balanse

Kroner

Eigedelar

Sum anleggsmidlar

Sum omløpsmidlar

Sum eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Eigenkapital

Langsiktig gjeld

Kortsiktig gjeld

Sum eigenkapital og gjeld

  1. Korleis blir rekneskapstala gjennom året rapporterte til leiinga og styret? Blir det lagd rekneskap månadleg, kvartalsvis og halvårleg?

  2. Kva synest du om økonomien i bedrifta?

Tips til lærar

Oppgåva passar fint som ein del av loggen eleven skriv frå praksis, eller som ei individuell skriftleg innlevering.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021

Læringsressursar

Rekneskap