Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekneskap og periodisering

Her får du oppgåver der du blir utfordra på temaet periodisering av varebehaldning og inventar.
Interiør i ei kosmetikkforretning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Du har to flasker sjampo når skulen startar om hausten. I løpet av semesteret har du kjøpt fem flasker. Ved nyttår har du tre flasker att. Kor mange flasker har du brukt? Alle flaskene kostar 30 kroner kvar. Kan du vise utrekningane ved hjelp av føringar på T-kontoar?

Oppgåve 2

1. januar hadde ei bedrift ei varebehaldning på 700 000 kroner. Gjennom året blei det kjøpt inn varer for 5 000 000 kroner. Varebehaldninga per 31. desember var tald opp til 550 000 til kostpris. Periodiser ved hjelp av to T-kontoar.

Oppgåve 3

1. januar hadde ei bedrift ei behaldning av inventar på 336 000 kroner. Inventaret var opphavleg kjøpt inn til 384 000 kroner. Du bruker lineær avskriving, altså likt beløp kvart år. Vis ved hjelp av to T-kontoar korleis føringa av avskrivinga blir i slutten av året.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen.
Sist fagleg oppdatert 18.04.2018

Læringsressursar

Rekneskap