Hopp til innhald

Fagstoff

Rekneskapsavslutning

Dei fleste bedrifter gjer ei rekneskapsavslutning kvar månad. Etter at året er slutt, følger årsavslutninga. Ho er meir krevjande enn månadsavslutningane, men alle rekneskapsavslutningane er viktige for at vi skal kunne følge den økonomiske utviklinga.
Rekneskapsførar med mange permar på kontoret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fasane i rekneskapsavslutninga

Årsavslutninga er eit av dei viktigaste krava i rekneskapslovgivinga.

Arbeidet med årsavslutninga kan delast i tre fasar:

  • kontroll av at alle vedlegg er med, og at alt er ført riktig
  • kontroll av at alle inntekter og alle kostnader er førte i riktig periode
  • utrekning av skatten og ei avgjerd om kva vi skal gjere med overskotet eller underskotet

Kontroll av at alle vedlegg er med, og at alt er ført riktig

Vi kan sjølvsagt ikkje kontrollere kvart einaste vedlegg, men ved hjelp av teknikkar som vi kallar avstemmingar, kan vi finne dei fleste feil.

Den viktigaste avstemminga er bankavstemminga. Her kontroller vi alt vi har ført på bankkontoen vår, mot det banken har ført. Vi huker av post for post. Dersom vi oppdagar at banken har ført vedlegg som vi ikkje har ført i rekneskapen vår, må vi finne årsaka til det. Er grunnen at vi har gløymt å føre vedlegget, må vi føre det no. Etter at vi har gjennomført heile kontrollen og gjort eventuelle rettingar, skal vi ha same saldo som banken har.

Viss vi følger opp avstemmingar gjennom heile året, blir ikkje årsavslutninga så krevjande.

Kontroll av at alle inntekter og alle kostnader er førte i riktig periode

Kontroll av at alle inntekter og kostnader er førte i riktig periode, kallar vi periodisering. Vi skal ikkje gå nærare inn på det her. Men vi kan nemne at når vi kjøper inn noko, til dømes varer for vidaresal, blir det kalla ei utgift. Når vi finn ut kor mykje vi har brukt (forbrukt eller levert til kundane), har vi funne kostnaden i perioden.

Utrekning av skatten og ei avgjerd om kva vi skal gjere med overskotet eller underskotet

Skatten må bereknast. For store bedrifter er dette vanlegvis så krevjande at det er som gjer utrekningane. For eit lite firma er arbeidet relativt enkelt.

Dernest kjem spørsmålet om eit eventuelt overskot skal utbetalast til eigarane som utbytte, eller om det skal bli ståande i bedrifta. Beheld vi overskotet i bedrifta, aukar vi eigenkapitalen.

Framgangsmåten

Vi skal no sjå korleis vi avsluttar kontoane etter at vi har gjennomført dei tre punkta over.

Ein "rå" summering av alt som er ført i debet og kredit på kvar konto i ein periode, kallar vi råbalanse. Råbalansen til blomsterbutikken står øvst i tabellen.

For plassen si skyld har vi samla alle faste kostnader i ein konto. Vi har òg slått saman alle eigedelar i ein konto, og vi har slått saman lån og leverandørgjeld som gjeld.

Under kvart punkt viser vi dei radene som gjeld sjølve punktet.

1. Råbalansen må vere summert.

Råbalanse

Eigedelar

Eigenkapital

Gjeld

Sal

Varekostnader

Faste kostnader

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Råbalanse

253 29453 987100 00035 000118 5002 000 0001 023 89723 897984 103

2. Finn saldoen på alle inntekts- og kostnadskontoane og før dei på rada Til/frå resultat "motsett veg", slik at summen av debet og kredit på kontoane blir like stor. Før så desse saldoane over til oppstillinga for resultatrekneskapen, som du finn i punkt 3. Legg merke til at vi følgjer det doble bokføringsprinsippet.

Til resultat

Eigedelar

Eigenkapital

Gjeld

Sal

Varekostnader

Faste kostnader

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Råbalanse

253 29453 987100 00035 000118 5002 000 0001 023 89723 897984 103

Til/frå resultat

2 000 0001 000 000984 103

3. Finn resultatet i oppstillinga over resultatrekneskapen og før det tilbake til rada Til/frå resultat mot eigenkapitalen. Legg merke til at vi følgjer det doble bokføringsprinsippet.

Resultat

Kostnader

Inntekter

Debet

Kredit

Varekostnader

1 000 000

Sal2 000 000

Faste kostnader

984 103

Overskot

15 897

Sum2 000 0002 000 000
Overføre Overskotet til balansen

Eigedelar

Eigenkapital

Gjeld

Sal

Varekostnader

Faste kostnader

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Råbalanse

253 29453 987100 00035 000118 5002 000 0001 023 89723 897984 103

Til/frå resultat

15 8972 000 0001 000 000984 103

4. Finn saldoane på balansekontoane og før dei på rada Til balanse. Før dei mot balanseoppstillinga.

Til balanse

Eigedelar

Eigenkapital

Gjeld

Sal

Varekostnader

Faste kostnader

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Debet

Kredit

Råbalanse

253 29453 987100.00035 000118 5002 000 0001 023 89723 897984 103

Til/frå resultat

15 8972 000 0001 000 000984 103

Til balanse

199 397115 89783 500

Sum

253 294253 294115 897115 897118 500118 5002 000 0002 000 0001 023 8971 023 897984 103984 103
Balanse

Eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Debet

Kredit

Eigedelar

199 397

Eigenkapital115 897
Gjeld83 500

Sum

199 397199 397

Etter at årsavslutninga er gjennomført, har blomsterbutikken Beate den resultatrekneskapen og den balansen som du ser ovanfor. Korleis gjekk det for Beate, synest du? Ser du at overskotet er ført mot eigenkapitalen, og at eigenkapitalen dermed har auka tilsvarande?

Ei meir komplett oversikt

Nedanfor viser vi ei meir komplett oversikt over resultatrekneskapen og balansen. Her har vi ikkje summert så mange postar mot ein konto.

Resultatrekneskap

Kalkulasjon

Sum

Inntekter2 000 000

Varekostnad

1 000 000

Dekningsbidrag

1 000 000

Lønn

709 246

Husleige

120 000

Straum

48 000

Telefon

18 000

Forsikring

10 000

Avskriving

18 857

Innpakking/folie

50 000

Diverse kostnader

10 000

Sum faste kostnader

984 103

Resultat

15 897

balanse

Eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Debet

Kredit

Reklame

25 000

Aksjekapital115 897

Inventar

32 000

Langsiktig lån70 000

Datautstyr

25 000

Leverandørgjeld13 500

Kjølerom

50 000

Varelager

50 897

Bankinnskot

15 000

Kassabehaldning

1 500

Sum

199 397199 397
CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 06.12.2017

Læringsressursar

Rekneskap