Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lykkeliten UB – rekneskap og kalkyle

Du skal bokføre dette rekneskapsbilaget og avslutte rekneskapen for Lykkeliten UB.
Bursdagsfeiring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lykkeliten UB blei etablert 1. september og skal drivast i åtte månader.

Forretningsideen lyder: «Vi i Lykkeliten UB ønskjer å planleggje og gjennomføre bursdagsselskap for barn frå 4 til 10 år i Vindafjord kommune.»

Produktet dei tilbyr, er planlegging, gjennomføring og oppfølging av barnebursdagar i gymsalen på Lundeneset vidaregåande skole. Produktvariantane er: prinsesse, sport, pirat og valfritt tema.

Prisen er sett til kr 160 per deltakar i barneselskapet. Det overordna målet er å få 20 % i forteneste av salsinntekta. Dei kjøper varer frå ulike butikkjeder, som Kiwi og Europris. Produkta dei kjøper, er bakarvarer, brus, pynt, eingongsservise og liknande, i tillegg til alt som trengst for å lage maten til selskapet, og det som elles må til for å arrangere bursdagsselskap for barn.

UB-en er friteken for mva., arbeidsgivaravgift og skatt på grunn av låg omsetning og låg lønn. Timelønn i samband med bursdagsselskap som blir arrangerte etter skoletid, er kr 100.

Oppgåve 1

Gjer nødvendige berekningar, og før rekneskapen. Start med bilag nr. 1. Kontonummer er sette inn i reknearkmalen som skal brukast til bokføring og løysing av oppgåvene.

Filer

2. sept. Selt 2 eigardelar à kr 100 via nettbank

2. sept. Betalt registreringsavgift til UE Rogaland kr 200 via nettbank

9. sept. Selt 50 eigardelar à kr 100

9. sept. Kopiert/betalt 100 infoskriv til utdeling/PR i barnehagar à kr 1 kontant LVS

9. sept. Kopiert/betalt 4 plakatark i A3-format til oppslag à kr 10 kontant LVS

11. sept. Betalt etableringsgebyr for bankkonto i Haugesunds Sparebank kr 200

11. sept. Sett inn kr 4000 på bankkontoen

11. sept. Betalt kopi av 15 invitasjonsbrev til første barneselskap à kr 2 kontant LVS

11. sept. Kjøpt konvolutt og frimerke til sending av invitasjonane kr 20 kontant LVS

16. sept. Kjøpt gåve, pappservise, duk og serviettar på Europris kr 350 kontant

16. sept. Kjøpt bakarvarer og brus på Kiwi kr 250 kontant

16. sept. Fått faktura for leige av gymsal LVS kr 200, forfall 14 dagar

23. sept. Sendt faktura til Thea Olsen for selskap med 15 barn, forfall 14 dagar

30. sept. Utbetalt lønn til 5 tilsette à 2 timar à kr 100 via bank

30. sept. Betalt faktura for leige av gymsal LVS via nettbank

Oppgåve 2

Avslutt rekneskapen for september. Berekne resultatet, og før balanse.

  • Kva blir resultatet i Lykkeliten UB for september?
  • Kor stor er eigenkapitalen etter første månad?

Oppgåve 3

  1. Set opp ein produktkalkyle for første barneselskap (bidragsmetoden).
  2. Svar på desse spørsmåla:
  • Kva var inntekta?
  • Kor store var varekostnadene?
  • Kor store var lønnskostnadene?
  • Var det andre direkte (variable) kostnader?
  • Kva var summen av dei direkte kostnadene?
  • Kva er dekningsbidraget i kroner?
  • Kva er indirekte (faste) kostnader i kroner denne månaden?
  • Kor stor blei fortenesta i kroner for det første selskapet?
  • Nådde dei målet om 20 % i forteneste av salsinntekta?
  • Kva blei fortenesta i prosent?

Vedlagt løysingsforslag til oppgåva.

Filer

CC BY-SASkrive av Dagfinn Våge .
Sist fagleg oppdatert 06.12.2017

Læringsressursar

Rekneskap