Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Heddas skatebutikk

Hedda Guttormsen har etablert ein skatebutikk i Stavanger. Løys oppgåvene knytta til Heddas etablering av butikken.
Ungdommar med skateboard. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ho har finansiert ein del av totalkapitalen gjennom eit banklån.

Resten har Hedda skaffa sjølv.

Desse balansepostane har skatebutikken per 1. september 20xx:

  • Varebil kr 250 000
  • Inventar kr 300 000
  • Kontantar kr 40 000
  • Banklån kr 520 000
  • Bankinnskot kr 400 000
  • Eigenkapital kr ?

Oppgåver

  1. Set opp balansen per 1. september 20xx.
  2. Kva er totalkapitalen?
  3. Kor stor er eigenkapitalen?
  4. Kva faktorar kan påverke eigenkapitalen negativt?
CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2017

Læringsressursar

Rekneskap