Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis føre rekneskap?

Her skal vi ta for oss tre reglar for korleis vi behandlar kontoklassane, det vil seie korleis vi fører rekneskap. Det kan vere litt krevjande å forstå reglane, men dei er lette å hugse og er til veldig god hjelp.
Penn og kalkulator ligg oppå eit ark med grafar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Balanse

For å lære oss reglane skal vi sjå nærare på balansen. Det er balansen som er sjølve «oppfinninga» når det gjeld måten vi fører rekneskap på. Han dannar grunnlaget for all rekneskapsførsel. Måten balansen er bygd opp på, bestemmer korleis alt innanfor rekneskap skal førast.

All kapital vi har skaffa oss, fører vi på høgre side under Eigenkapital og gjeld. Vi kallar det gjerne kapitalinnkjøpet. Det vi har brukt kapitalen til, plasserer vi til venstre under Eigedelar. Det kallar vi kapitalbruken. Sjå illustrasjonen nedanfor:

balanse

Debet

Kredit

Eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Kapitalabruk:
der pengane er brukte

Kapitalinnkjøp:
der pengane kjem frå

Det doble bokføringsprinsippet

Dette uttrykket kan høyrast litt vanskeleg ut. I balansen står på ein måte dei same pengane på begge sider av oppstillinga. Det kallar vi dobbel bokføring. Bokføring er nemninga på å føre ein rekneskap. Fordi summen er lik på begge sider, snakkar vi om balanse. For at rekneskapen heile tida skal balansere, må vi alltid føre hendingane to gonger, ein gong til høgre og ein gong til venstre. Venstre side kallar vi debet, og høgre side er kredit.

Når vi fører eit bilag, må det alltid vere lik sum i debet og kredit. Vi kan illustrere det med ein såkalla T-konto, der vi til dømes har selt varer for 1000 kr kontant.

Resultat

Inntekter

Debet

Kredit

1 000
Balanse

Kontantar

Debet

Kredit

1 000

Du ser at vi har ført same sum ein gong til kredit og ein gong til debet. Kvifor summen går i kredit på den eine kontoen og i debet på den andre kontoen, krev nærare forklaring.

Tre rekneskapsreglar

Balansen består av tre hovudgrupper: eigedelar, eigenkapital og gjeld. Alle eigedelskontoane blir brukte på same måten kvar gong vi fører på dei. Det same gjeld eigenkapitalen og gjelda: Når vi fører i debet eller i kredit på ein av kontoane, blir effekten alltid den same.

Det er lurt å tenkje på kvar i balansen dei tre hovudgruppene står:

balanse

Debet

Kredit

Eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Debet aukar

Kredit minkar

Debet minkar

Kredit aukar

Ser du at dei tre hovudgruppene oppfører seg etter kvar dei står i balansen? Auke og minking skal førast same veg som hovudgruppa står i balansen. Altså aukar vi eigedelane ved å føre i debet, mens vi aukar eigenkapitalen og gjelda ved å føre i kredit.

Vi kan derfor setje opp desse tre reglane:

Regel 1

Debitering av ein eigedelskonto: aukar verdien

Kreditering av ein eigedelskonto: reduserer verdien

Regel 2

Debitering av ein gjeldskonto: reduserer gjelda

Kreditering av ein gjeldskonto: aukar gjelda

Regel 3

Debitering av ein eigenkapitalkonto: reduserer eigenkapitalen

Kreditering av ein eigenkapitalkonto: aukar eigenkapitalen

Resultatrekneskapen er ei underavdeling av eigenkapitalen. Derfor fungerer alle resultatkontoar som eigenkapitalen. Eigenkapitalen står til høgre i balansen (til kredit), og derfor fører vi ein auke av eigenkapitalen til høgre (til kredit) og ein reduksjon til venstre (til debet).

Slik er det med all føring i resultatrekneskapen. Alt som aukar eigenkapitalen, blir ført i kredit. Alt som reduserer eigenkapitalen, blir ført i debet. Det vil seie at inntekter alltid skal førast i kredit, fordi det eigentleg aukar eigenkapitalen. Kostnader skal alltid førast i debet, fordi dei eigentleg reduserer eigenkapitalen.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2020

Læringsressursar

Rekneskap