Oppgåve
Klesbutikken Asympa
Set opp balansen og avslutt rekneskapen for klesbutikken Asympa.
Malgorza har etablert ein pop-up-butikk for klesmerket Asympa. Asympa er ei kjend polsk merkevare som vil komme seg inn på marknaden i Noreg. Malgorza skal leige lokale i Trondheim frå 01.01. til og med 01.04.
- Ho har kr 30 000 i eigenkapital.
- Utstyret til butikken kostar kr 5 000.
- Varelageret har ein verdi på kr 60 000.
- Kontantbehaldninga er på kr 10 000.
- Ho har ein kassekredittavtale med banken til kr 100 000.
Set opp balansen til pop-up-butikken.
I tillegg til balansekontoane har ho desse kontoane:
- Salsinntekter
- Husleige
- Andre driftskostnader
- Rentekostnader
- Varekjøp
- Privatkonto
1. kvartal har Malgorza desse forretningstilfella:
- 7.1. Betalt husleige over bank kr 40 000
- 16.1. Betalt for gåvepapir kontant kr 4 000
- 31.1. Kontantsal januar kr 40 000
- 6.2. Motteke over bank for klessal kr 70 000
- 14.2. Betalt rentekostnader for kassekredittkonto kr 5 000
- 21.2. Privatuttak i minibank kr 10 000
- 28.2. Motteke for selde varer over bank i februar kr 20 000
- 10.3. Privatuttak kontant kr 5 000
- 18.3. Kontantsal av varer kr 60 000
- 31.3. Overført frå privatkonto til eigenkapital kr ?
- 31.3. Vareteljing på varelageret kr 6 000
Registrer forretningstilfella for 1. kvartal. Start med bilag nr. 1.
Avslutt rekneskapen per 31.03.
Set opp balanse per 31.03. og resultatrekneskap for 1. kvartal.
Forklar endringa i eigenkapital i 1. kvartal.