Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Før rekneskapen for skomakar Andersen

Du skal føre og avslutte rekneskapen for skomakar Andersen.
Skomakar Andersen starta skomakarverkstad 01.11.20xx. Her er ei oversikt over kor mykje pengar han skaffa for å drive verkstaden, og korleis han brukte pengane før han begynte å drive verkstaden.
  • Andersen handla inn maskiner for kr 20 000.
  • Andersen handla inn hyller, benker, bord og stolar. For dette inventaret betalte han kr 5 000.
  • Andersen leiger eit lite lokale til kr 6 000 i månaden. Han måtte ut med forskotsbetalt husleige for tre månader. Han hadde derfor allereie betalt kr 18 000 då han starta opp.
  • Andersen ønskte å ha kr 2 000 i vekslepengar i ei kontantkasse i verkstaden.
  • I tillegg til kontantane hadde Andersen kr 30 000 i innskot på ein bankkonto.
  • Andersen skaffa pengane han måtte ha som eigenkapital til verkstaden, sjølv.
  • Eigenkapitalen var på til saman kr 75 000.

Opprett inngåande balanse-t-konto. Begynn å føre rekneskapen ved å setje opp kontoane du treng (sjå etter tips i kontoplanen), og før inn inngåande balansetal.

Når du har gjort dette, skal du føre alle kjøp og sal som skjer i verkstaden i november månad:

  1. 02.11. sel han sko som han har laga, for kr 8 500 (salsinntekt). Kundane betaler kontant.
  2. 05.11. kjøper Andersen inn lêr og lêrsolar, stiftar, lim og råmateriale (varekjøp) for kr 10 000. Han betaler med bankkort.
  3. 10.11. betaler han husleige for november månad på kr 6 000 frå bankkontoen.
  4. 18.11. sel han sko som han har reparert, for kr 4 300 (salsinntekt). Kundane betaler kontant.
  5. 25.11. kjøper han inn meir lêr og råmateriale til reparasjon (varekjøp) for kr 5 000. Han betaler kontant.
  6. 29.11. sel han sko som han har laga, for kr 11 400 (salsinntekt). Kundane betaler kontant.
  7. 31.11. avsluttar han rekneskapen for å sjå korleis det har gått.

Før og avslutt rekneskapen for Andersen.

Arbeidsbok til oppgåva finn du her:

Filer

Fasit til oppgåva finn du her:

Filer

Relatert innhald

Her lærer du korleis du gjer ei årsavslutning i rekneskapen. Årsavslutninga er eit av dei viktigaste krava i rekneskapslovgivinga.

CC BY-SASkrive av Eva Carmen Jensen.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2018

Læringsressursar

Rekneskap