Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Repetisjonsoppgåve om balansen

I denne oppgåva skal du sette opp ein balanse og inne eigenkapitalen.
To forballspillarar frå ulike lag står med hovuda saman og kranglar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jørgen er vald som kasserar i fotballgruppa til Friskis IL. Han ønskjer å få ei oversikt over den økonomiske stillinga til laget. Han har samla følgjande informasjon:

  • Kontantar 7 400
  • Bankinnskot 42 000
  • Lån i banken 85 400
  • Fotballutstyr 35 000
  • Gjeld til Sporten AS 12 000
  • Maskiner og inventar 60 000

a) Set opp balansen for fotballgruppa, og finn eigenkapitalen.

b) Gi ei kort vurdering av økonomien.

c) Nemn kort korleis ein kan auke eigenkapitalen i en fotballklubb.

CC BY-SASkrive av Heidi Bukten.
Sist fagleg oppdatert 18.04.2018

Læringsressursar

Rekneskap