Hopp til innhald

Forretningsdrift (SR-SSR vg1)

Økonomi

Økonomi er nyttig å kunne uansett kva du skal jobbe med. Å kunne litt om økonomi gir deg eit større oversyn over det som skjer i ei bedrift. I dette emnet skal du mellom anna lære om korleis du finn rett pris på eit produkt, og korleis du set opp budsjett og fører enkle rekneskap.

Rekneskap

I rekneskapen fører du faktiske inntekter og kostnader for ein bestemt periode. For å kunne føre ein rekneskap må du kjenne til dei viktigaste kontoane i rekneskapen og korleis inntekter og kostnader skal førast på kontoane. I tillegg må du kunne setje opp balanse og gjere ei rekneskapsavslutning.

Læringsressursar

Rekneskap