Hopp til innhald
Oppgåve

Henriks treningssenter

Set opp ein balanse for Henriks treningssenter.

Balanse

Henrik Frogner starta opp eit treningssenter 1. januar.

Han tilbyr behandling, treningsterapi, massasje og treningsgrupper for seniorar, gravide kvinner og barn. Henrik har kjøpt inn utstyr til treningsstudioet for kr 600 000.

På treningssenteret er det ein sportskafé der varelageret er kr 75 000.

Eigenkapitalen utgjer 30 % av totalkapitalen i treningsstudioet. Resten er finansiert gjennom eit langsiktig lån.

  1. Kor stor er totalkapitalen?
  2. Kor stor er eigenkapitalen?
  3. Kor stort er det langsiktige lånet?
  4. Set opp balansen for treningssenteret per 1. januar.