Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Repetisjonsspørsmål i rekneskap

Kor mykje hugsar du frå rekneskaptemaet? Hvis du klarer å svare på alle spørsmåla, har du god kontroll på teorien.
Jente som ber på ein stor stabel med bøker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva er formålet med å føre rekneskap?

  2. Kva er ein eigedel? Gi døme.

  3. Kva er gjeld? Gi døme.

  4. Kva er EK (eigenkapital)?

  5. Kva fortel ein balanse oss?

  6. Kva for postar skal stå på debetsida i balansen, og kva for postar skal stå på kreditsida? Gi døme.

  7. Kvifor bruker vi kontonummer?

  8. Kva er ein kontoklasse?

  9. Kva er ein kontoplan?

  10. Kva tyder IB, og kvifor skal denne plasserast inn først i rekneskapen?

  11. Kva er eit vedlegg, og kvifor bruker vi vedleggsnummer?

  12. Kva er ein råbalanse?

  13. Kva er eit privatuttak?

  14. Kva er kontrollsummering, og kva er poenget med kontrollsummeringa?

  15. Kva er ein resultatkonto?

  16. Kva for postar skal stå på debetsida i resultatet, og kva for postar skal stå på kreditsida? Gi døme.

  17. Kva er eit overskot?

  18. Korleis kan ei bedrift auke overskotet?

  19. Korleis påverkar eit overskot eigenkapitalen (EK-en) til ei bedrift?

  20. Forklar kort korleis vi avsluttar ein rekneskap.

CC BY-SASkrive av Heidi Bukten.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2017

Læringsressursar

Rekneskap