Toleransevindauget og reguleringsstøtte
Toleransevindauget er ein modell som kan hjelpe oss til å forstå kva som skjer med oss menneske i situasjonar der vi opplever kjenslemessige belastingar. Det seier noko om kor mykje eit menneske toler før det kjem ut av balanse, ut av toleransevindauget. Toleransevindauget viser det spennet av aktivering som er optimalt for eit individ. I denne sona er vi mest merksamt til stades i situasjonar og relasjonar, og dermed er det òg størst moglegheit for at læring skjer.
Når vi kjem ut av toleransevindauget, får vi nokre kroppslege reaksjonar. Møter vi situasjonar som gjer at vi hamnar over toleransevindauget, blir vi hyperaktiverte. Det kjenner vi ved at hjartet slår raskare, pusten aukar og vi blir anstrengde i musklane. Hamner vi under toleransevindauget, blir vi hypoaktiverte. Det blir kjenneteikna ved at hjartet slår saktare, pusten går sakte og musklane våre blir slappe.
Grensene for når ein blir hyper- eller hypoaktivert varierer frå person til person. Barn og unge blir påverka av erfaringar og kjenslemessige tilstandar, men òg av kva som skjer i sjølve situasjonen. Barn og unge toler meir når dei er i trygge situasjonar og saman med nokon dei er trygge på.
Det er viktig å merke seg at vi er ofte ute av toleransevindauget, men vi regulerer oss tilbake. Vi har ulike strategiar for å få til dette, til dømes kan vi lytte til musikk, gå ein tur, drikke kaffi, kvile eller liknande. Vi gjer det vi har funne ut er det beste for oss. Barn og unge kan ha behov for hjelp til å utvikle eigne strategiar for å regulere seg sjølve.
Reguleringsstøtte
Den truleg aller viktigaste omsorgsoppgåva er å regulere kjenslene og dei kroppslege tilstandane til barnet. Det å vere eit barn er å ha eit smalt toleransevindauge. Mykje kan stresse barn, opplevingar kan bli intense eller skumle. Dei kjem fort over toleransevindauget når dei er fortvila og frustrert for noko, eller dei kan bli "litt slappe i strikken" når dei synest noko er vanskeleg. Omsorgsoppgåva vår er å hjelpe barn og unge tilbake til toleransevindauget ved å gi reguleringsstøtte.
Når vi skal hjelpe barn og unge med å komme innanfor toleransevindauget, skjer det gjennom sanselege og kroppslege erfaringar. Det er viktig å merke seg at barn ikkje kan forstå seg til regulering, dei må sanse det. Det betyr at vi ikkje må reagere med dei same kjenslene barnet har i situasjonen. Då vil ikkje barnet lære å regulere seg sjølv, fordi dei vil spegle dei kjenslene og reaksjonane du har.
For å hjelpe og støtte barn er det derfor viktig at du forstår at barn og unge nyttar spegling for å erfare og lære. Du må vere innanfor eige toleransevindauge for å kunne hjelpe andre. Viss du er innanfor eige toleransevindauge og forheld deg kjenslemessig balansert i situasjonen, kan du ved hjelp av kroppsleg berøring, roande stemme og anerkjenning av kjenslene til barnet bidra til at barnet blir regulert tilbake til toleransevindauget. Då hjelper du å bygge reguleringssystemet til barnet slik at barnet utviklar evna til å regulere seg sjølv.
Barn som ikkje har fått reguleringsstøtte, har ikkje fått utvikla eit godt reguleringssystem. Til dømes kan du møte barn og unge som avviser deg. Då vil du kanskje kjenne at det rører ved nokre sterke kjensler hos deg, og det blir vanskeleg å vere den ansvarlege vaksne som skal hjelpe dei tilbake til toleransevindauget. Kollegaer kan vere til god hjelp når du opplever at eigne kjensler tek over og du sjølv kjem utanfor toleransevindauget ditt. Ein kollega som er meir regulert eller kjenslemessig balansert i situasjonen, kan då vere til god nytte. Saman vil de då stå som gode reguleringsmodellar for barn og unge.
Film om reguleringsstøtte til barn
I filmen under (5 minutt) lærer du meir om korleis du gir barn den støtta dei treng for å regulere kjensler og åtferd når dei er saman med deg og andre.
Sjølvregulering
Barn som har fått god reguleringsstøtte i oppveksten, vil på sikt utvikle eigne indre arbeidsmodellar for sjølvregulering slik at toleransevindauget blir utvida litt etter litt. For barn, unge og vaksne er det viktig å kunne regulere kjenslene. Når vi blir sinte, er det lurt å finne måtar å roe oss ned på, og når vi blir redde, må vi kunne trygge oss sjølve. Barn og unge lærer ikkje dette ved å forstå og sjå konsekvensar av handlinga sine, men treng vaksne som hjelper til å roe dei ned.
Dersom barn veks opp med kjærlege og gode omsorgspersonar som hjelper barnet å regulere seg, blir dei betre i stand til å regulere seg sjølve når dei blir eldre. Enkelt sagt kan vi definere sjølvregulering som evna til å regulere tankar, kjensler og åtferd. God sjølvregulering hos barn og unge er heilt avgjerande for utvikling, læring og sosial tilpassing. Jo tidlegare i livet barnet lærer seg sjølvreguleringa, desto betre er det for vidare utvikling og læring.
Tenk deg følgande situasjon: Eit barn på SFO har teikna ei teikning til deg. Ho kjem springande for å gi ho til deg, men fell og arket blir øydelagt. Ho blir veldig fortvila. Du held barnet og trøystar ho, voggar sakte og seier med varm og kjærleg stemme: "Å, dette var leitt. Skjønar at du blir lei deg no. Det kjem til å ordne seg, kanskje eg kan vere med deg, så set vi oss saman, og du kan teikne ei ny?" Du roar barnet, forstår og set ord på kjenslene hennar og hjelper til med å finne ei løysing. Barnet merkar at du snakkar roande, tek på det og ser at du er der med heile deg. Du er sensitiv og tonar deg inn på kjenslene til barnet, slik at det opplever å bli forstått. Her er det viktig at du kjenner barnet godt, tolkar signala barnet gir og har utvikla ein tett og nær relasjon til barnet.
Utfordringar til deg
- Kva kan det komme av at vi har ulike toleransevindauge?
- Kva kan du gjere for å utvide toleransevindauget ditt?
- Korleis kan du sjå på andre om dei er inne i toleransevindauget eller utanfor?
- Kva kan du gjere for å hjelpe deg sjølv inn i toleransevindauget?
- Dersom du treng reguleringsstøtte til å komme inn i toleransevindauget ditt, kven kan då hjelpe deg?