Oppgåve
Lag ein film om kjensler
Emosjonell kompetanse er å bli kjend med og forstå eigne kjensler og evna til å regulere eigne kjensler. I denne oppgåva skal de lage ein film om kva de som barne- og ungdomsarbeidarar kan gjere for å hjelpe barn med å utvikle emosjonell kompetanse.
På nrk.no finn du fleire filmar om ulike kjensler. Sjå gjerne desse før du startar med oppgåva.
Jobb saman i grupper.
Lag ein film. Filmen skal vise
- kva emosjonell kompetanse er
- kva emosjonell kompetanse har å seie for det sosiale livet
- kva kjensler er
- ulike kjensleuttrykk
- korleis sjå kjenslene til barn og unge
- korleis hjelpe og støtte barn og unge til å forstå og uttrykkje kjensler
- korleis hjelpe og støtte barn og unge til å regulere kjensler som er tilpassa situasjonen
- betydninga barne- og ungdomsarbeidaren har som rollemodell i arbeid med kjenslene til barn og unge
Vis filmen dykkar for resten av klassen. Gruppene vurderer seg sjølve og kvarandre.