Den sosiale utviklinga til barn og unge
Som barne- og ungdomsarbeidar må du vite noko om sentrale trekk i den sosiale utviklinga til barn. For å kunne fremme god sosiale utvikling er det viktig at du veit kvar barnet er i utviklinga si generelt. Du må bli godt kjend med barnet. Observer det i ulike situasjonar og følg godt med i utviklinga. Tilknyting og gode relasjonar til både dei vaksne og dei andre barna er ein viktig føresetnad for sosial utvikling. Vaksne som viser at dei er glade i barnet og ønsker barnet noko godt, har betre utgangspunkt for å utvikle og fremme gode sosiale ferdigheiter hos barnet.
Gode vaksenmodellar, som har ei felles forståing for kva gode sosiale ferdigheiter er, skaper ei føreseieleg verd for den sosiale utviklinga til barn. Derfor bør barnehage, skule/SFO, klubb og bustad i samråd og samarbeid med føresette legge ein felles plan for korleis dei kan styrke enkelte barn eller barnegrupper i den sosiale utviklinga deira. Forsking har vist at den sosiale utviklinga til barn og unge går framover når dei vaksne, i tett samarbeid, jobbar først og fremst med heile barnegruppa. I tillegg må vi jobbe med enkeltbarn som treng ekstra støtte.
Barnehagen
Dei fleste barn byrjar i barnehagen rundt eittårsalderen, og dei viser tydeleg interesse for å komme i kontakt med andre barn og vaksne. Dei samhandlar med omgivnadene sine ved hjelp av blikk, kroppsspråk og lydar. Etter kvart som dei utviklar seg, nyttar dei språket meir aktivt i samhandling med andre, i tillegg til kroppsspråket.
Barn i barnehage samhandlar med og stiller seg til jamaldringar på ulike måtar, nokon er pågåande, nokon er sjenerte og tilbakehaldne. Alt dette er normalt. Det er viktig at vi oppmuntrar barna til å hjelpe kvarandre, dele og vise omsorg for andre. Vi må vise barna at vi legg merke til slike handlingar, og at slike eigenskapar er etterspurde og verdsette.
I toårsalderen aukar samspelet mellom barna, dei viser glede når dei møtest, dei trøystar kvarandre og hjelper kvarandre, samtidig som dei hevdar seg sjølv.
I tre–fireårsalderen byrjar ofte dei sosiale relasjonen å utvikle seg til sterke vennskapsband. Undersøkingar har vist at i fireårsalderen har omtrent halvparten av barna eit spesielt nært forhold til eit anna barn.
I fem–seksårsalderen blir barna betre i stand til å utsetje sine eigne behov og å samarbeide, behovet for å høyre til i grupper blir tydelegare, og dei oppsøker andre for å vere saman og leike.
Barneskulen
Mange tenker at for barn som byrjar på skulen, er det viktig å lære å skrive og lese, men det å ha ei god sosial utvikling har vist seg å vere vel så viktig. I barneskulen skjer òg utvikling av sosial kompetanse gjennom sosialt samspel, leik og andre kvardagsaktivitetar. Barn og unge må lære seg å følge reglane for åtferd, komme overeins med jamaldringar og løyse konfliktar på ein god måte.
Å vere ein del av flokken og å ha ein venn du møter kvar dag, er viktig frå første skuledag. Barn treng vennerelatert sosiale ferdigheiter for å kunne skaffe seg og halde på venner og omgåast på ein positiv måte. Vennskap dreier seg no om å vere forståingsfull og til å stole på og å ha ein å vere saman med. I tillegg er læringsrelaterte sosiale ferdigheiter viktig å lære seg i skulen. Det handlar om å starte og fullføre skulefaglege oppgåver. For skulebarn er det viktig å lære å lytte merksamt, delta i gruppearbeid, ta initiativ og ha fokus på læringsoppgåver.
Ungdomsalderen
Utover i ungdomsskule og vidaregåande skule trer nye forventingar og større krav til sosiale ferdigheiter inn, både frå dei vaksne og jamaldringar. Frigjering frå foreldra blir tydelegare ved utforsking av vaksenverda, og ungdommane leiter etter venner for å oppnå tryggleik. Venner, på tvers av kjønn, blir viktigare og viktigare for den sosiale utviklinga til ungdommen. No handlar vennskap om å finne likesinna, der felles interesser og haldningar er viktig.
Ungdomstida blir kjenneteikna ved uvisse på seg sjølv og dei sosiale relasjonane ein inngår i. Det å lære seg å vere saman med andre er eit viktig skritt i den sosiale utviklinga, og venner har mykje å seie i denne prosessen. Overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande kan for mange ungdommar vere krevjande, og støtte og nærleik frå dei vaksne er viktig. Dei læringsrelaterte sosiale ferdigheitene i vidaregåande skule, som å starte på og fullføre arbeid, er noko annleis enn på ungdomsskulen. På vidaregåande er eleven meir ansvarleg for si eiga læring og utvikling, og lærarane forventar at eleven tek ansvaret sitt.
Dei vennerelaterte sosiale ferdigheitene endrar seg òg noko på vidaregåande. I tillegg til å finne likesinna venner blir det å finne sin eigen identitet viktig. Nye venner dukkar opp, ungdommen blir kjend med nye stader, og nye situasjonar oppstår. Då kan det vere godt for dei unge å ha kloke vaksne dei kan snakke med, som viser empati, og som støttar vegen til dei unge til ansvarskjensle, sjølvhevding og sjølvkontroll.
Utfordringar til deg
- Å ha ein venn er viktig uansett kvar vi er i livet. Korleis har biletet ditt på ein venn endra seg frå barnehagen og barneskulen til ungdomstida?
- Å tilpasse seg ulike miljø er òg viktig for oss menneske. Korleis trur du at elevrolla endrar seg frå barneskulen til ungdomsskulen og vidaregåande skule?