Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ei bok om kjensler

I denne oppgåva skal du lage di eiga bok om kjensler. Her står du fritt til å velje om det skal handle om kjensler eller ulike måtar å reagere eller regulere kjensler på. Du må nytte din eigen fantasi og skape di eiga bok.
Hender som teiknar ei teikning med mange figurar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Lag di eiga bok om kjensler. Du vel sjølv innhald og handling som passar til temaet, og kva aldersgruppe du vil boka skal passe for.

  1. Lag ei framside med bilete, tittel på boka og namn på forfattar.
  2. Illustrer boka med eigne teikningar, måleri, fotografi eller bilete frå internett.
  3. Set inn tekst (ei forteljing/historie) til temaet viss du tykkjer det skal vere med.
  4. Skriv ut og laminer boka di.

Lag gjerne ei utstilling på skulen slik at fleire får lese og sjå boka, og kanskje du kan nytte boka på praksisstaden din?

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2021

Læringsressursar

Sosial og emosjonell utvikling