Hopp til innhald
Oppgåve

Korleis gi reguleringsstøtte?

Barn og unge har behov for å vite at du liker dei. Reguleringa skjer gjennom relasjonen til deg. Derfor må du vise at du set pris på og er glad i kvart enkelt barn og ungdom, slik at du blir i stand til å gi reguleringsstøtte.

Ulike situasjonar

  • Du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar på SFO. Ein dag er det ein gjeng som speler fotball i ballbingen, og Sofie blir takla hardt. Ho går fysisk laus på han som takla ho, ved at ho slår og sparkar.
  • Du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar i ein barnehage. Ein hund kjem springande mot gjerdet i barnehagen og bjeffar høgt. Ahmed fell om på bakken og blir liggjande heilt stille.
  • Du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar på ein klubb. Peder har akkurat slått opp med Tove på 13 år. Ho har stengt seg inne på doen, og dei andre ungdommane seier at ho græt veldig.
  • Du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar i ein bustad for ungdommar med lettare psykisk funksjonsnedsetjing. Du og Marthe på 18 år skal på kino. Når du kjem inn i rommet, vil ho ikkje gå med deg. Ho vil heller gå med ein annan person, men den personen er ikkje på jobb den dagen. Marthe avviser deg.

Oppgåver

  1. Kva vil det seie å hjelpe barn og unge til å regulere kjenslene sine?
  2. Vel deg ein eller to av situasjonane over. Tenk gjennom kva du kan seie med ord, og kva du kan gjere med kroppen din. Pass på at det blir ein samanheng mellom det du seier og gjer.
    1. Kva kjensle trur du at barnet/den unge får i situasjonen?
    2. Kva vil du seie?
    3. Korleis vil du seie det?
    4. Kvifor vil du seie det på denne måten?
    5. Kva vil du gjere?
    6. Korleis vil du gjere det?
    7. Kvifor vil du gjere det på denne måten?
  3. Kvifor treng barn og unge hjelp og støtte for å lære å regulere eigne kjensler?

Kjelde

Nordangar, D. og Bergem, A. K. (2016). Traumefeltets nyttigste "terapi"? https://www.cactusnettverk.no/traumefeltets-nyttigste-terapi/