Hopp til innhald
Oppgåve

Sykling i barnehagen

Det er Oliver sin tur til å sykle, men Kjartan tek sykkelen med det same Oliver set han frå seg. Oliver reagerer med å bli sint og riv Kjartan ned frå sykkelen. I denne oppgåva skal du reflektere over denne situasjonen.

Situasjon

I barnehagen er syklane populære, men det er ikkje nok syklar til alle. No er det Oliver sin tur til å ha sykkelen. Han er fem år. Oliver syklar glad rundt, men treng ein tilhengar på sykkelen.

Han set frå seg sykkelen mens han hentar tilhengaren. Kjartan, som òg er fem år, er òg veldig glad i å sykle. Kjartan ser at Oliver set frå seg sykkelen, og han spring bort og tek sykkelen. Når Oliver kjem tilbake med tilhengaren, ser han Kjartan sykle bortover vegen på sykkelen og roper til Kjartan: "Du har teke sykkelen min!" Han spring etter Kjartan og dyttar til han slik at sykkelen veltar. Kjartan græt og roper: "Det er eg som har han no!" Oliver roper til Kjartan: "Det er sykkelen min. Han er oppteken!" Gutane byrjar å slå kvarandre.

Du observerer det som skjer, og går roleg bort til gutane og spør: "Kva er det som skjer her?" Oliver seier: "Det er sykkelen min, eg hadde han først!" Kjartan seier: "Sykkelen var ledig, så då tok eg han!"

Du prøver å roe ned situasjonen og seier: "Eg høyrer og ser at de ikkje er einige. Kan de fortelje meg kva som har skjedd?" Du vender deg mot Oliver og ber han fortelje kva som har skjedd. Oliver fortel, men Kjartan avbryt og vil fortelje, han òg. Du snur deg mot Kjartan, legg handa di varsamt på armen hans og seier: "Eg forstår at du gjerne vil fortelje no. Først skal eg høyre kva Oliver seier, etterpå skal eg høyre på deg."

Når begge gutane har fortalt kva som har skjedd, seier du: "Eg forstår at de begge har lyst til å bruke sykkelen no." Du hjelper gutane til å forstå kva som har skjedd ved at du set ord på det du har forstått, og du samanfattar det gutane har fortalt til deg. Så spør du: "Er de einige i at det var slik det skjedde?" Etterpå spør du gutane: "Har de nokre forslag til korleis vi kan løyse dette?"

Refleksjonsspørsmål

  1. Har du opplevd liknande situasjonar? Beskriv situasjonen og forklar kva du gjorde for å hjelpe og støtte barna i situasjonen.
  2. Kvifor kan slike situasjonar vere utfordrande for barn?
  3. Kva har det å seie at den vaksne fekk roa ned situasjonen og lét begge gutane fortelje kva som skjedde?
  4. Kva betyding har den vaksne som rollemodell i denne situasjonen?
  5. Kva erfarer barna her med tanke på emosjonell kompetanse?
  6. Korleis kan du anerkjenne kjenslene til eit barn som er sint?
  7. Korleis kan du støtte og hjelpe barn som er sinte, med å regulere kjenslene sine og tilpasse åtferda til situasjonen?
  8. Kva kan du gjere for å hjelpe barn til å handtere slike konfliktar på eiga hand?
  9. Kva kan du gjere for å hjelpe barn til å handtere "ventesituasjonen" slik at det blir ei god oppleving?