Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Aktivitetar som fremmar sosial utvikling

Som alle ting kan òg sosiale evner lærast. I denne oppgåva skal du komme med forslag til aktivitetar som fremmar ulike område av sosial kompetanse.
To vaksne speler spel med to gutar og ei jente. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

I skjemaet under ser du ulike forslag til område som barn treng å øve på for å utvikle god sosiale kompetanse. Ikkje alle forslaga passar til alle aldersgrupper.

  1. Bestem deg for kva aldersgruppe du ønsker å lage aktivitetar for, og om du vil jobbe med ei gruppe eller med eit enkelt barn.
  2. Finn ut kvar gruppa/barnet er i den sosiale utviklinga si. Kva meistrar dei på områda empati, sjølvkontroll, sjølvhevding, ansvarlegheit og samarbeid?
  3. Kva treng gruppa/barnet å øve på? Forklar kvifor du meiner det.
  4. Lag eit skjema som det du ser under oppgåvene, og fyll inn aktivitetar du meiner passar for å fremme det gruppa eller barnet treng å øve på.
  5. Vel ein aktivitet, og planlegg han i eit planleggingsdokument. Her skriv du òg kva som er målet/måla med aktiviteten.
  6. Prøv ut aktiviteten anten i praksis eller i klassen.
  7. Evaluer aktiviteten ut frå dei måla du sette.

    1. Kva gjekk bra, og kvifor gjekk det bra?

    2. Kva kunne eventuelt vore gjort annleis? Grunngi svaret ditt.

Kva treng barnet/barna å øve på?

Ferdigheit

Forslaga dine til aktivitetar

forstå at andre har ein annan måte å sjå situasjonar på

forstå at vi har ulike kjensler

kjenne igjen kjensla hos andre

bry seg om andre

trøyste og støtte kvarandre

lytte til andre

dele med andre

hjelpe andre

byte på roller i leiken, kunne gi frå seg og krevje roller

halde avtalar

hjelpe kvarandre til å forstå ulike situasjonar

forstå reglar i spel

uttrykke positive og negative kjensler

hevde meiningane, ønska og behova sine

rydde opp etter seg

jobbe positivt i gruppeoppgåver

starte opp med oppgåver

gjennomføre oppgåver

utsetje sine eigne behov

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021

Læringsressursar

Sosial og emosjonell utvikling