Hopp til innhald
Oppgåve

Bøker om kjensler

Å snakke om og setje ord på kjensler hjelper barn til å utvikle den emosjonelle kompetansen sin. Å nytte bøker som inspirasjonskjelde til samtalar, leik og aktivitet kan bidra til å hjelpe barna til å samtale om kjensler. I denne oppgåva skal du presentere ei bok om kjensler.

Oppgåver

  1. Lån ei bok om kjensler på biblioteket.
  2. Presenter boka: tittel, forfattar, forlag, sidetal, publiseringsår. Lag eit handlingsreferat.
  3. Kva aldersgruppe meiner du boka passar for? Grunngi kvifor du meiner ho passar til denne aldersgruppa.
  4. Korleis vil du presentere denne boka for ei barnegruppe? Stor gruppe, lita gruppe, inne/ute, nytte konkretar for å gjere boka levande, fortelje eller lese, la barna sjå på bileta og la dei fortelje kva dei trur skjer undervegs, og liknande.
  5. Forklar korleis boka kan nyttast for å styrkje den emosjonelle kompetansen til barn.
  6. Forklar korleis du kan nytte boka til å gjere andre aktivitetar. Song, musikk, rim/regler, drama, rollespel, film, dans, forming, la barna lage eigne historier og så vidare.
  7. Korleis vil du dokumentere i barnehagen, SFO eller i fritidsklubben at de jobbar med denne boka?