Sosial utvikling
Med sosial utvikling meiner vi utvikling av evnene barn og unge har til å inngå i samspel med menneske. Omgrepet sosial utvikling dekkjer både den evna barnet har til å knyte seg til andre (tilknyting), og det å utvikle sosiale evner (sosial kompetanse).
Den sosiale utviklinga byggjer på dei biologiske føresetnadene til barnet og miljøet barnet veks opp i. Derfor vil den sosiale utviklinga til barn og unge variere sjølv om dei blir stimulerte i det same barnehage- og/eller skulemiljøet.
Sosial utvikling startar som eit naturleg instinkt hos det nyfødde barnet og blir bygd på etter kvart som barnet veks opp. Det er spesielt tre viktige milestolpar i den sosiale utviklinga til barn. Den første er når barn er i stand til å kjenne igjen ansikt og seinare å tolke kjenslene til andre gjennom det dei signaliserer med kroppsspråket sitt. Den andre milestolpen er når barnet er i stand til å fokusere på noko saman med ein annan, til dømes sitje i armkroken og lese i ei bok saman. Den tredje er når barnet er i stand til å forstå korleis den andre har det. Det er viktig at vi kjenner til og forstår desse tre milestolpane for å kunne stimulerer og stadfeste utviklinga.
Allereie i dei første leveåra er barn aktive og kontaktsøkjande individ. Dei tek naturleg initiativ til samhandling med dei føresette gjennom å lage lydar, fakter og uttrykk i ansiktet.
Omsorgsfulle og stabile relasjonar påverkar den sosiale utviklinga til barnet gjennom heile livet. Familien er den primære faktoren i tilknytinga, men òg tilknyting til trygge omsorgspersonar i barnehage, skule/SFO, klubb og bustad har mykje å seie for den sosiale utviklinga. Tilknyting kan du lese meir om i emnet om omsorg.
Sosial kompetanse er dei ferdigheitene vi har til vekselvis å tolke situasjonar og å finjustere vår eigen veremåte til den situasjonen vi står i. Korleis vi gjer det, kjem an på kva ferdigheiter vi har til samarbeid, sjølvhevding, sjølvkontroll, empati og evna til å ta ansvar. Sosial kompetanse handlar dermed om at barn og unge kan ta andre sitt perspektiv, vise omsorg og nestekjærleik, inngå på ein god måte i fellesskapen og uttrykkje meiningane sine samtidig som dei avpassar veremåten sin til situasjonen. For å få til dette må barn og unge greie å balansere eigne behov mot behova til andre og behovet for godt samspel i heile gruppa. Denne kompetansen er viktig for barna både i barnehage og skule og vidare gjennom heile livsløpet.
Som eit viktig mål i sosial utvikling står sjølvregulering. Sjølvregulering beskriv den evna barn og unge har til å tenkje før dei handlar, og om det dei gjer, passar inn i ulike situasjonar. Det omfattar verdiar og ønske om å vise merksemd, å kunne hemme impulsive handlingar og å utsetje påskjønning for å nå måla sine. Jo tidlegare i livet barnet lærer seg sjølvreguleringa, desto betre er det for vidare utvikling og læring. Sjølvregulering er noko vi alle treng for å nå måla våre og tilpasse oss sosialt.
Evna til sjølvregulering har vorte observert hos barn i den første levemånaden (vende seg bort), og ho blir utvikla gjennom barndommen. Etter kvart som barn blir betre i stand til å regulere merksemd, kjensler og åtferd, blir sjølvreguleringa utvikla. Når dei er merksame, blir barn og unge i stand til å oppfatte dei viktigaste signala i ein sosial situasjon og ignorere det som er uviktig.
Sosiale ferdigheiter blir lærte gjennom uformell observasjon og imitasjon av andre og/eller gjennom tilbakemeldingar du får på eigne handlingar frå andre. Evneutvikling handlar om å praktisere og øve seg og nytte tilbakemeldingar frå andre. Sjølv om barnet har lært sosiale ferdigheiter, er det ingen garanti for at det vil ta dei i bruk. Å ta i bruk lærte ferdigheiter avheng av motivasjonen barnet har til å gjere det, om barnet tykkjer det er viktig å ta i bruk ferdigheitene.
Utfordringar til deg
- Kva gjer at barn og unge har ulikt sosial utvikling?
- Kva tenkjer du er viktige haldningar, kunnskap og ferdigheiter hos ein barne- og ungdomsarbeidar når det gjeld å støtte opp under den sosiale utviklinga til barn og unge?
- Kva betyding har ein god relasjon til barnet for utvikling av god sosial kompetanse?
Relatert innhald
Ogden, T. (2015). Sosial kompetanse og problematferd blant barn og unge. Gyldendal Akademisk.