Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eigne reaksjonsmønster

For å vere ein god rollemodell er det lurt å tenke over korleis vi reagerer i ulike situasjonar. Vi ønsker at barn og unge skal utvikle ein god sosial kompetanse, og då må vi vere gode døme. Her skal du bli merksam på dine eigne reaksjonsmønster.
Ei ung jente ser sint på ein vaksne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den sosiale kompetansen din

Som barne- og ungdomsarbeidar kan du vere ein viktig person for å lære barn og unge sosiale ferdigheiter. Du er ein rollemodell, og barn og unge ser kva du seier og kva du gjere i ulike situasjonar.

Ofte reagerer vi på same måte i situasjonar som liknar kvarandre. Å tenke over kva situasjonar det er, kan vere nyttig. Når vi reflekterer over våre eigne reaksjonsmåtar, kan vi forbetre oss og bli betre i stand til å reagere som vi ønsker, neste gong vi hamnar i ein liknande situasjon. Målet er at vi skal vise empati, prososiale handlingar, sjølvkontroll og vere ansvarlege.

Oppgåver

  1. Tenk deg at du er ute i praksis og jobbar med barn eller unge. Fyll ut kvart av punkta under:

    1. Kva menneske/situasjonar gjer deg sint?
    2. Kva ting/menneske/situasjonar gjer deg redd?
    3. Kva ting/menneske/situasjonar gjer deg frustrert?
    4. Kva ting/menneske/situasjonar irriterer deg?
    5. Kva type situasjon/fakter ord får deg til å skru av / bli passiv?
    6. Kva gjer deg uroleg?
  2. Gå saman med ein medelev og fortel kva du har skrive. Forklar kvifor du får dei ulike kjenslene. Du bestemmer sjølv kor mykje du vil dele.
  3. Hjelp kvarandre med å finne gode metodar slik at ein ikkje reagerer uklokt i møte med barna. Lag ei tips-liste til korleis roe seg ned.
  4. Korleis kan det å vere førebudd på eigne kjenslemessige reaksjonar hjelpe oss i møte med barn og unge?
  5. Kva fordelar ligg i det å sjå kva ting/menneske/situasjonar andre reagerer på?
  6. Viss du skulle gjere ein feil i møte med barn og unge, korleis kan du då reparere feilen?
  7. Korleis kan det at du tek kontroll over reaksjonane dine ha betyding for den sosiale utviklinga til barn og unge?
CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021

Læringsressursar

Sosial og emosjonell utvikling