Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag eit spel om kjensler

Spel er ein aktivitet som kan bidra til å skape samhald og glede. Det er ein fin aktivitet for å oppleve noko saman, og samtidig kan vi nytte spel for å stimulere til vekst og utvikling på ulike område. Vi kan kjøpe ulike spel, men vi kan òg lage våre eigne spel.
Eit blått hjarte av papp med spelebrikker og malte hjarte som speleruter. I midten står det "Vennskap". To bunkar med kort ligg ved sida av, på dei øvste korta står det "Slå hjul om du klarer det, om ikke, rull hodekråke" og "Hvor mange søsken har vennen din?". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Lag eit spel

Lag eit spel om kjensler og reaksjonar som kan oppstå i eit sosialt samspel. Spelet skal gi barn eller unge moglegheit til å snakke om og setje ord på kjensler og reaksjonar som kan oppstå i sosialt samspel med andre.

  • Jobb saman to og to eller i gruppe.
  • Bestem kva aldersgruppe spelet skal passe for.
  • Vel sjølv kva form spelet skal ha (brettspel, kortspel eller liknande).
  • Ta bilete undervegs i prosessen og av det ferdige resultatet. Bruk bileta i refleksjonsnotatet.
  • Lag ei eske til spelet.
  • Ver kreativ og fokuser på den estetiske utforminga. Bruk fargar, bilete, teikningar og liknande. Utforminga av spelet og eska må vere slik at barn eller unge får lyst til å spele.
  • Laminer brett og/eller kort for å forsterke spelet, slik at levetida for spelet aukar.

Oppgåve 2. Spel med medelevar

Spel spelet med medelevar. Be dei om å vurdere spelet.

Oppgåve 3. Spel med barn

Besøk eller inviter barn eller unge frå den aldersgruppa de har valt for spelet, og spel spelet saman.

Oppgåve 4. Refleksjonsnotat

I eit refleksjonsnotat set du ord på kva du gjorde undervegs i prosessen. Ved å knyte refleksjonen til fagstoff byrjar du å reflektere fagleg. Fagkunnskap kan hjelpe deg til å forstå kvifor det gjekk som det gjekk, og gi deg innspel på korleis du kan gjere det betre neste gong.

Refleksjonsnotatet skal innehalde ei beskriving, vurdering og fagleg refleksjon.

  1. Beskriv og vurder.

    • Beskriv kort kva du gjorde, og korleis du opplevde prosessen med å lage spel. Vis ved hjelp av bileta du tok undervegs i prosessen.

    • Vurder korleis samarbeidet på gruppa fungerte. Gi konkrete døme på kva som gjekk bra, og kvifor du meiner dette var bra for samarbeidet. Viss de skulle endra noko i samarbeidet, kva skulle det i så fall vere og kvifor?

    • Vurder kva gjekk bra då de spelte spelet med barn eller unge. Gi konkrete døme og grunngi svaret ditt. (Skriv kva barna sa eller uttrykte undervegs og etter at de var ferdige).

    • Vurder utforminga av spelet. Viss noko skulle vore endra i utforminga, kva skulle det i så fall vere? Gi konkrete døme og forklar kvifor du ville gjort desse endringane.

    • Vurder om spelet bidrog til ønskt mål. På bakgrunn av observasjonar de gjorde og tilbakemeldingane de fekk, vurder om spelet bidrog til at barn fekk snakke om og setje ord på kjensler og reaksjonar i sosialt samspel. Kva kan de eventuelt gjere for å forbetre spelet og spelsituasjonen?

  2. Reflekter over følgjande spørsmål:

    • Korleis kan spelet bidra til at barn utviklar emosjonell kompetanse? Gi døme og grunngi kvifor dette bidreg til emosjonell utvikling.

    • Kva andre utviklingsområde meiner du spelet bidreg til å stimulere? Gi døme og grunngi kvifor.

    • Kva har glede og meistring å seie for barn og unge i ein spelsituasjon?

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2021

Læringsressursar

Sosial og emosjonell utvikling