Hopp til innhald
Fagartikkel

Emosjonell utvikling

Den emosjonelle utviklinga er like viktig som all anna utvikling hos barn og unge. Ho er sentral i dei første leveåra, men har òg mykje å seie i den seinare utviklinga.

Emosjonar – kjensler

Emosjonar eller kjensler er kroppslege uttrykk for det vi kjenner inni oss. Korleis vi uttrykkjer kjenslene våre, varierer mellom kulturar. Dei grunnleggjande kjenslene våre, som glede, interesse, tilfredsheit, tryggleik, forbausing, frykt, avsky og sinne, er til stades frå fødselen av. Samansette kjensler som stoltheit, misunning, sorg, skam og skuld blir utvikla etter kvart som hjernen utviklar seg og barnet blir sosialisert i samsvar med gjeldande normer og verdiar.

Emosjonell utvikling

Emosjonell utvikling består, til liks med sosial kompetanse, av ulike delferdigheiter som barnet må utvikle for å utvikle emosjonell kompetanse. Emosjonell kompetanse inneber evna til å forstå, uttrykkje og regulere kjensler. Å forstå kjensler handlar om å kjenne igjen både eigne og andre sine kjensler og kva som utløyser desse kjenslene. Det å uttrykkje kjensler handlar om vise kjenslene sine med kroppen eller ved å setje ord på dei. Å regulere kjensler handlar om å ha evna til å regulere det åtferdsmessige uttrykket som kjenslene får, på ein føremålstenleg måte i situasjonen.

Evna til å regulere kjenslene sine på ein føremålstenleg måte er viktig. Ho blir utvikla i eit positivt samspel med nære omsorgspersonar, og ho har stor betyding mellom anna for sosialt samspel med andre barn. Positive samspelerfaringar fører til at barnet lærer at andre forstår og innrettar seg etter barnet, og dermed lærer barnet òg å innrette seg etter signal frå andre.

Den emosjonelle utviklinga til barn

Små barn kommuniserer gjennom kjenslene sine. Dei uttrykkjer mellom anna glede, sorg og frykt. Det er viktig at omsorgspersonane etablerer ei trygg tilknyting til barnet, slik at barnet opplever det som godt å vere saman med dei. Barnet vil då også sjå deg som ei kjelde til trøyst og støtte i situasjonar dei tykkjer er krevjande og vanskelege. Det er viktig at du ser, tolkar, anerkjenner og responderer sensitivt på alle kjenslene til barnet. Du må hjelpe barnet ved å setje ord på kjenslene, ta omsyn til kjenslene til barnet i det daglege samspelet og hjelpe barnet til å regulere eigne kjensler. På den måten blir barnet kjent med heile spekteret av kjensler, og det lærer seg å kjenne igjen eigne og andre sine kjensler. Barnet erfarer òg at kjensler kan delast med og regulerast av andre, og det lærer å regulerer kjenslene og kjensleuttrykka tilpassa situasjonen.

Barnehagealder

Frå barnet er nyfødt til det er eitt og eit halvt–to år uttrykkjer det ulike grunnkjensler. Dei ser dei små skilnadene i korleis dei vaksne reagerer på kjenslene, og utviklar sjølvtrøystande og regulerande åtferd med støtte frå vaksne.

Etter kvart uttrykkjer dei sosialt samansette kjensler som empati, skam og skuld. Dei utviklar meir sjølvstendig regulering. Evna til å regulere negative kjensler aukar med alderen, dei lærer å forseinke og dempe kjensleuttrykka sine og å regulere åtferda knytt til kjensla. Etter kvart som språket blir utvikla, blir barna òg i betre stand til å skaffe seg den hjelpa dei treng frå vaksne. I treårsalderen blir dei gradvis betre i stand til å formidle eigen emosjonell tilstand til andre og å forstå og regulere kjenslene sine.

Barn har relativt liten kapasitet til å kjenne igjen kjensleuttrykka til andre før dei er tre år. Frå fireårsalderen aukar denne kapasiteten i stor grad. Dei kjenner særleg igjen kjensler som glede, tristheit og sinne.

Vi forventar at barn i løpet av barnehageåra lærer å identifisere eigne kjensler som sint, redd, glad og lei seg (dei fire grunnleggjande kjenslene), og at dei veit kva dei kan gjere når dei kjenner desse kjenslene.

I løpet av førskulealderen tek barnet i bruk til dømes indre sjølvsnakk for å regulere kjenslene sine, som "no må eg puste roleg, det går bra", "eg kan spørje ein vaksen om hjelp", "det er ikkje så farleg".

Barneskulealder

I barneskulealder tek barna i bruk normer i kjenslereguleringa. Det vil seie at dei etter kvart uttrykkjer kjensler i tråd med det som blir forventa i situasjonen. Dei kan fortolke samansette kjensler, kjensler som spring ut frå ei sosial samhandling, til dømes misunning over at nokon har ei finare bukse. Dei nyttar ulike strategiar i regulering av kjensler, som mellom anna indre sjølvsnakk, og dei kan snakke med nokon dei har tiltru til, om eigne kjensler.

I løpet av småskuletrinnet vil barnet kunne regulere kjensler som redsel og sinne, identifisere sinne og redsel hos andre og skilje mellom det som er gjort med vilje, og det som er uhell. I løpet av mellomtrinnet vil barnet kunne identifisere sekundære kjensler. Sekundære kjensler er kjensler som kjem som ein reaksjon på den første kjensla du har fått. Til dømes vart du redd då du fall og slo deg, men du reagerer med sinne fordi du ikkje aksepterer din eigen redsel. Du dekkjer over den eigentlege kjensla du har, med å bli sint. Sekundære kjensler er ofte kjensler som kjem ut frå kjensler som stoltheit, skam, forlegenheit, skuld og misunning.

Ungdom

Vi forventar at ungdom har lært å identifisere og forstå emosjonar som rettar seg mot andre: kjærleik, hat og sjalusi. Det blir forventa at dei har kjennskap til nokre strategiar som gjer at dei kan handtere desse emosjonane på ein sosialt akseptabel måte. Det kan til dømes vere sjølvsnakk for indre regulering av kjensler eller samtaler med andre om eigne kjensler og reaksjonar på kjensler.

Evna til å regulere kjenslene utviklar seg gjennom heile barndommen og i held fram i ungdomsåra.

Rolla til barne- og ungdomsarbeidaren

Som barne- og ungdomsarbeidar er di viktigaste oppgåve for å støtte den emosjonelle utviklinga til barn å gi god omsorg. God omsorg inneber mellom anna å møte dei emosjonelle behova til barna. Du skal skape gode relasjonar og trygg tilknyting ved å vere ein sensitiv vaksen. Det er du når du fangar opp signala til barnet og gir rask og tilpassa respons, slik at barnet opplever deg som ein trygg, varm og god omsorgsperson. Då vil barnet søkje til deg for trøyst, støtte og hjelp til å regulere negative kjensler.

I tillegg handlar det om å vere ein god rollemodell, sidan barn lærer mellom anna ved å observere kjenslene til andre menneske og kva som er tilpassa reaksjonar i ulike situasjonar.

Rett merksemda mot kjenslene og kjensleuttrykka til barn, og drøft med kollegaer kva dei betyr og kva som trengst frå den vaksne for at barnet skal føle seg forstått og godt teke vare på. På den måten bidreg du til å støtte opp under tilknytinga og den emosjonelle utviklinga til barnet.

Bidra til at barnet får positive samspelerfaringar. Snakk om kjensler, og hjelp barn og unge til å setje ord på eigne kjensler. Ver ein som toler alle kjensler når du er saman med ungdom.

Utfordringar til deg

  1. Tenk tilbake til du var liten. Kva kjensler og kjensleuttrykk fekk du hjelp til å regulere?
  2. Korleis vart du møtt av vaksne då du var sint som barn? Tenkjer du at dei vaksne kunne møtt denne kjensla på ein annan og kanskje betre måte?
  3. Kva er emosjonell kompetanse?
  4. Korleis kan du hjelpe og støtte barn til å utvikle den emosjonelle kompetansen?
  5. Kva betyr det at emosjonell kompetanse har betyding for det sosiale samspelet?
Kjelder

Drugli, M. B. (2014) Emosjonell utvikling og tilknytning. I V. Glaser, I. Størksen & M. B. Drugli (Red.), Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 47–73). Fagbokforlaget.

Sosemplan. (u.å.). Emosjonell kompetanse. Henta 2. februar 2021 frå https://sosemplan.no/utvikling-av-sosiale-ferdigheter/emosjonell-kompetanse/