Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis snakke om kjensler?

Å lære å uttrykke og regulere kjensler er til god hjelp i det sosiale livet. Ein barne- og ungdomsarbeidar kan vere ein god rollemodell. Barn og unge lærer om kjensler gjennom den måten vaksne reagerer på når dei har kjensler. Her skal du jobbe med korleis du kan støtte kjenslene til barn.

I filmen under snakkar psykolog Rune Flaaten Bjørk om korleis vi kan snakke med barn om kjensler. Han deler inn bodskapen sin i fem punkt:

  1. å støtte kjenslene til barnet

  2. emosjonsrettleiing

  3. rett tidspunkt

  4. grubling og uro

  5. foreldre som kjenslemodellar

Oppgåver

  1. Korleis vil du snakke med barn og unge som har ulike kjensler?

    1. Korleis vil du snakke med barn som har falle og slått seg, og som græt?
    2. Korleis vil du snakke med eit barn som ikkje får til noko det ønskte, og som blir sint?
    3. Korleis vil du snakke med eit barn som er frustrert over at nokon tok frå det leika?
    4. Korleis vil du snakke med eit barn på tre år som er sint og tek leiker frå dei andre barna?
    5. Korleis vil du snakke med ein ulykkeleg seksåring som ikkje får leike med bestevenen sin?
    6. Korleis vil du snakke med ein tolvåring som har sett ein skummel film, og som er redd og litt flau fordi han vart redd?
    7. Korleis vil du snakke med ein fortvila og trist niandeklassing som synest karakteren på matteprøva er altfor dårleg?
    8. Korleis vil du snakke med ein bekymra åtteåring som gruer seg til kroppsøvingstimen fordi han er redd for at dei skal spele ball?
    9. Korleis vil du snakke med ein ungdom som har kjærleikssorg?
    10. Korleis vil du snakke med ein ungdom som skammar seg fordi han/ho har gjort noko dumt?
  2. Kva betyding vil det ha å roe ned situasjonen og berre vere der når barn har sterke kjensler?

    1. Kva vil du gjere for å roe ned eit barn som har sterke kjensler?
    2. Kva bidreg det til for barnet at du er der?
  3. Kva lærer barn om kjensler og seg sjølv dersom du opptrer støttande i møte med dei når dei har kjensler?
  4. Korleis kan du legge merke til kjenslene til barnet?
  5. Kva betyr det å sjå kjensler som ei moglegheit for nærleik?
  6. Som barne- og ungdomsarbeidar må du vere sensitiv for å sjå når det passar å snakke eller rettleie barn og unge om kjensler. Kva vil det seie?
  7. Kvifor fungerer det best å snakke om kjensler på tomannshand?
  8. Kvifor er det viktig å lytte når du snakkar med barn og unge om kjensler?

    1. Kva har det å seie for barn og unge at du lyttar?
    2. Korleis kan du lytte på ein god måte?
  9. Gjennom måten du uttrykker positive og negative kjensler på, er du ein modell for barn og unge. Kva kan du gjere for å uttrykke dine eigne kjensler på ein god måte?
  10. Du signaliserer heile tida kva kjensleuttrykk som er akseptable, tolererbare og til med farlege, og kva kjensler som bør unngåast. Kva kan du gjere for å bli medviten at alle kjensler er like viktige?
  11. Kva må du gjere for å vise at alle kjensler er akseptable, men samtidig gi signal om at ikkje all åtferd er det?
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021

Læringsressursar

Sosial og emosjonell utvikling