Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Alt vi har til felles

Kva kjensler blir vekte i oss når musikk, ord og bilete blir kopla saman? Sjå korleis dette er gjort i den danske reklamefilmen "Alt vi har til felles".
Smilande menneske i ein ring mot kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1

  1. Sjå videoen øvst i denne Dagbladet-artikkelen: "Dansk video går verden rundt".
  2. Kva meiner du er hovudbodskapen i denne videoen?
  3. Les heile Dagbladet-artikkelen. Kva seier kanalsjef for Dansk TV2, Lotte Lindegaard, er bakgrunnen for at dei laga denne videoen?
  4. Diskuter påstanden: Det er eit altfor stort fokus i samfunnet (media, skule, politikk) på det som skil oss.

Del 2

  1. Cecilie Staude seier i Dagbladet-artikkelen at filmen speler på kjenslene våre, altså bruker ein patos-appell. Korleis gjer han det? Les meir om patos i medieuttrykk i artikkel nedst på sida.
  2. Beskriv bruken av musikk i denne videoen. Kva slags verknad har han på deg?
  3. Kva slags motsetningspar bruker forteljaren for å beskrive menneske i starten av videoen? Er det vanleg å setje desse gruppene opp mot kvarandre?
  4. Korleis blir stemninga framstilt blant menneska som er med i videoen heilt i starten ? Kva skjer med stemninga når dei blir spurde: "Kven var klassen sin klovn?" Diskuter kva som skjer her, og korleis videoen får fram dette skiftet.
  5. Finn på nye spørsmål som kan skape fellesskap på tvers av grupper i samfunnet. Prøv dei ut i klasserommet.

Del 3

  1. Kva slags kjensler kjenner du på gjennom dei ulike scenene i videoen? Og kva slags kjensle sit du igjen med på slutten? Skriv ned for deg sjølv først. Diskuter og samanlikn så med ein medelev.
  2. Den retoriske appellforma patos er mykje i bruk i denne videoen. Kva kjensler trur du dei som har laga videoen, vil appellere til hos oss?
  3. Korleis kunne bodskapen blitt presentert med meir vekt på logos-appell?
  4. Diskuter: Kva kan du lære av denne videoen som du kan ta med deg i kvardagen?

Del 4

Skriv ein analyse av denne samansette teksten, der du spesielt ser på korleis patos-appellen i videoen fungerer:

  • Analyser verkemidla som er i bruk for å understreke og spele på kjensler gjennom lyd, ord og bilete.
  • Kva slags verknad har desse verkemidla på mottakar?
  • Filmen er ein reklame for ein TV-kanal. Kva trur du kanalen oppnår ved å lage ein film som dette?
  • Til slutt i teksten skal du reflektere over temaet og bodskapen i reklamevideoen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2020

Læringsressursar

Retorisk analyse