Hopp til innhald

Fagstoff

Truverd og autoritet

Dersom vi skal overtyde andre, treng vi meir enn gode argument. Vi må også framstå som truverdige.
Nærbilete av pene stablar med pizza Grandiosa i ein frysedisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nødvendig tillit

Dersom vi skal overtyde andre, treng vi meir enn gode argument. Vi må òg framstå som truverdige, vi må ha etos, som retorikarane ville sagt. Stilling og fagleg bakgrunn kan gje oss autoritet, det same kan relevante erfaringar og personlege eigenskapar. I tillegg er ein open, ryddig argumentasjon og eit klart språk med på å skape eit positivt inntrykk hos lesaren.

Døme

I lesarinnlegget "Forby dyreforsøk!" opptrer forfattaren som ein representant for Dyrebeskyttelsen i Verdal. Derfor trur leseren han på at han er oppteken av forsøksdyra sitt vel. Men kanskje endå viktigare er det at han på denne måten får ein viss fagleg autoritet. Lesaren reknar nesten automatisk med at forfattaren har gode kunnskapar om emnet sidan han er engasjert i ei foreining av denne typen.

Relatert innhald

Å låne etos frå andre

Når vi viser til forskingsrapportar eller ekspertutsegner i argumentasjonen vår, låner vi samtidig noko av autoriteten til fagfolka som står bak. Vi aukar med andre ord òg vårt eige truverd ved å vise til arbeidet dei har gjort.

Eit anna vanleg "etos-lån" finn vi i reklameannonsar der nøgde forbrukarar anbefaler eit produkt som dei har prøvd. Kundar stoler lettare på "vanlege menneske" enn på ein produsent som dei veit er oppteken av å selje.

Sunn skepsis er lurt

Som lesarar og lyttarar må vi unngå å bli for ukritiske. Vi lyttar kan hende til vener, ekspertar, kjendisar og sjefar utan å stille dei same kritiske spørsmåla som vi elles ville ha stilt. I så fall kan vi lett bli offer for ekspertknepet – vi innrømmer folk ein fagleg autoritet dei strengt teke ikkje har. På den andre sida bør vi alltid gi forfattarar og talarar som vi ikke kjenner, ein sjanse til å bevise truverdet sitt.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Retorisk analyse