Hopp til innhald

Fagstoff

Standpunkt, argument og premiss

Standpunkt, argument og premiss er tre omgrep vi treng når vi snakkar om argumentasjon. Her blir dei forklarte med utgangspunkt i tekstdømet "Forby dyreforsøk!"

Standpunkt

Den som argumenterer, har eit standpunkt, altså ei meining om ei sak. I tekstdømet "Forby dyreforsøk!" kjem standpunktet til forfattaren klart fram allereie i overskrifta.

Forby dyreforsøk!

Éin dag i året, 24. april, har forsøksdyra fått. Denne dagen er internasjonal og fastsett av dei ulike dyrevernorganisasjonane i verda. Håpet er at dagen skal få fleire menneske til å tenkje på dei mest forsvarslause og plaga dyra som finst. Millionar på millionar av dyr vert haldne innesperra i laboratorium, og dei vert utsette for dei mest pinefulle forsøka.

Det finst ingen dyrevernlov som kan hindre misbruk. Her i Noreg er forskinga attpåtil halden hemmeleg, slik at offentlegheita ikkje får innsyn i kva som skjer. Mange forsvarer forsøk på dyr med at dei er til det beste for menneska. Då skal du vite at dei aller fleste forsøka på dyr gjeld kosmetikk, reingjeringsmiddel og liknande! I tillegg gjev dei medisinske forsøka ofte svært usikre resultat. Dei største helseproblema for menneska i dag er dei såkalla livsstilssjukdommane. Dette er sjukdommar vi får fordi vi lever usunt. Kvifor skal forskarane plage dyr for å finne medisinar mot slike sjølvforskyldte sjukdommar? Vi menneske burde heller endre levevanane våre. Vi har ingen rett til å la kaninar, rotter, apar, hundar og andre dyr lide for vår skuld!

P. Thoresen, Dyrebeskyttelsen i Verdal

Forskar som held ei mus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Argument

Forfattaren ønskjer å overtyde lesarane om at dette standpunktet er rett. Då treng han argument (grunngivingar) for å forsvare standpunktet sitt:

Vi må forby dyreforsøk (standpunkt)

  • fordi dyr blir plaga og behandla uverdig
    (argument)

  • fordi slike forsøk berre gir svært usikre resultat (argument)

Premiss

Ein argumentasjon inneheld alltid nokre premissar. Ein premiss er eit faktum eller ein påstand som forfattaren går ut frå at det er semje om, og som derfor ikkje treng nærmare grunngiving. I innlegget "Forby dyreforsøk!" påstår forfattaren mellom anna at

  • forsøksdyra er dei mest forsvarslause av alle dyr (premiss)
  • dei største helseproblema for folk i dag er såkalla livsstilssjukdommar
    (premiss)

Forfattaren ser det som sjølvsagt at lesaren er samd med han og har kunnskapar nok til å vurdere påstandane. Han kjem ikkje med statistiske fakta eller utdjupingar.

Sant eller usant?

Når vi argumenterer, byggjer vi på premissar – fakta og påstandar vi ser på som innlysande eller sanne. Men også premissane må kunne tole eit kritisk blikk.

Premiss og konklusjon

Omgrepet premiss bruker vi i daglegtalen i betydinga vilkår eller grunnlag. Ordet stammar frå logikken, og blir der brukt som faguttrykk for den første delen av ei logisk slutning. Slutninga som vi trekkjer på grunnlag av premissane, kallar vi "konklusjon". Vi ser på eit enkelt døme:

Alle partal er delelege med to (premiss)

Talet åtte er eit partal (premiss)

_________________________________

Talet åtte kan delast med to (konklusjon)

Ver kritisk til premissane!

I dømet ovanfor er det nokså lett å få kontrollert om premissane er sanne eller ikkje. Men kva med denne "logiske" slutninga?:

Nordmenn er late (premiss)

Ola er nordmann (premiss)

_______________________

Ola er lat (konklusjon)

Her er logikken upåklageleg, men er den første premissen sann? Det er i det minste tvilsamt og nesten umogleg å bevise. Og når premissane er tvilsame eller usanne, blir heller ikkje konklusjonen riktig. Likevel har du sikkert fått høyre "bevisføring" av denne typen ganske ofte. Fordommar blir slike generaliseringar kalla på kvardagsspråket, og dei ser ut til å vere vanskelege å utrydde. Desto viktigare er det å vere merksam på dei.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Retorisk analyse