Hopp til innhald
Oppgåve

Bedre HMS med kjensler?

Bruk kampanjevideoen som modell og inspirasjon for å lage ein informasjonsvideo eller annonse om eit tema innan HMS i programområdet ditt.


Oppgåve

Del 1: Sjå filmen frå kampanjen "Mamma presenterer"

Del 2: Svar på spørsmåla individuelt og skriv ned svara.

  1. Kva er bodskapen i denne kampanjefilmen?
  2. Kven er målgruppa for kampanjen?
  3. Korleis får de vanlegvis informasjon om HMS?

Del 3: Diskuter i grupper.

  1. Kvifor er mora til sjåføren med i denne filmen om HMS for utanlandske langtransportsjåførar?
  2. Kva er forskjellar mellom meir standard informasjonsmateriale om HMS og denne filmen?
  3. Korleis trur de bodskapen i filmen treffer målgruppa?

Del 4: Prøv sjølv.

  1. Vel eit tema frå HMS som er spesielt viktig i fagområdet ditt.
  2. Hent inspirasjon frå denne videoen og lag ein idé til ein film eller annonse om dette temaet. Tenk på at de skal påverke ei yrkesgruppe til å følgje gode tryggingsrutinar på jobb ved å spele på kjensler.