Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis skrive elegant om retorikk?

Det er vanskeleg å skrive gode setningar om retoriske omgrep som etos, patos, logos, aptum og kairos. Årsaka er at dette er framandord du ikkje er vand til å bruke. Her finn du nokre gode formuleringar du kan ha nytte av når du skal skrive om retorikk.

Patos

Patos blir ofte omsett til "kjensler". I retorisk samanheng vil det seie at vi overtyder gjennom å vekkje bestemte kjensler.

  • Avsendar speler på patos når ...
  • Det skaper mykje patos når ...
  • Dette verkemiddelet er typisk for den skjulte argumentasjonen og patosappellen ...
  • Teksten speler i hovudsak på kjensler og er dermed patosprega.
  • Patosargumenta i tekstane er først og fremst ...
  • Teksten speler på kjensler og ønskjer med det å overtyde med patos ...
  • Teksten har ein sterk kjensleappell (patos).
  • Patos blir forsterka når avsendar ...
  • Det er ein kraftig patosappell i det å påstå at ...

Etos

Vi kan sjå på etos som todelt. For det første er det den etosen avsendar har i kraft av posisjonen sin, til dømes eit kjent namn eller eit yrke, som er relevant. Dette kallar vi for innleiande etos. I tillegg kan ein avsendar bruke etosargumentasjon aktivt i teksten, til dømes ved å fortelje om eigne erfaringar, gode haldningar eller ved å låne argument frå andre med god etos.

Etos i kraft av posisjon

  • Avsendaren sin etos er sterk, då ...
  • Avsendaren sin etos er god, då ho har mykje kompetanse om det ho skriv om.
  • Avsendar har høg innleiande etos fordi han er ekspert på emnet.
  • Den manglande erfaringa hennar svekkjer innleiande etos.

Etosargumentasjon

  • Ved å skrive at ho føler med sjukepleiarane, underbyggjer avsendaren etos. Årsaka er at ho verkar å ha gode verdiar.
  • Avsendar ønskjer å verke som ein med gode haldningar og speler med det på etos.
  • Sendar styrkjer eigen etos når han skriv at ...
  • Etosargumentasjonen i teksten finn vi mot slutten.
  • Avsendarane ønskjer å overtyde med etos når dei viser til eiga erfaring.
  • Her låner sendar etos frå andre ekspertar når ho skriv at ...

Logos

Logos handlar om dei faktiske argumenta eller påstandane i ein tekst. Mottakarane blir overtalte når dei opplever resonnementa som sanne eller sannsynlege.

  • Delane av teksten som speler på fornufta, altså teksten sin logos, ser vi når ...
  • Argumenta er logosbaserte.
  • Denne delen av teksten appellerer til logos.
  • Ved å hevde dette blir logos i teksten svekt. Årsaka er at ...
  • Dette styrkjer logos i teksten fordi ...
  • Avsendar prøver å forsterke logosappellen ved å ...
  • Logosappellen viser seg når ...
  • Desse saksopplysningane underbyggjer logos i teksten og skal ...

Kairos og aptum

Kairos og aptum heng nøye saman. Når det gjeld kairos, er det sjølve augeblinken ein tekst blir gitt ut i. Avsendar må vurdere dette nøye og tilpasse teksten den gitte augeblinken. Vi seier ofte at kairos handlar om "rett ord til rett tid".

Aptum handlar om ein tekst er "passande". Det vil seie at du skal vurdere om han er godt tilpassa situasjonen. Her bør du trekkje inn både augeblinken, språket og mottakaren i vurderinga di.

  • Teksten oppfyller krava til aptum, fordi både språk og situasjon er godt tilpassa målgruppa.
  • Eg meiner teksten bryt med krava til aptum, då språket ikkje er tilpassa mottakargruppa.
  • Til slutt kan vi sjå på aptum, altså om teksten er passande. Eg meiner …
  • Eg meiner avsendar har vurdert kairos godt, då han har valt rett ord til rett tid.
  • Avsendar har valt feil tidspunkt å publisere dette lesarinnlegget på, og dermed har han feilvurdert kairos.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Elin Marie Voie.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Retorisk analyse