Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Riv skiten!

Visste du at norske forfattarar og kunstnarar har starta sin eigen klimaaksjon på nett? Her skal du utforske ein original tekst, skrive av forfattaren Johan Harstad.

Johan Harstads tekst "Riv skiten" på Forfatternes klimaaksjon.

Del 1. Jobb åleine

  1. Les teksten. Er det nokre av setningane som vekkjer kjensler i deg? Til dømes sinne eller sorg? Ler du nokre stader? Kopier desse setningane inn i eit dokument, og skriv kva slags kjensler den delen av teksten vekkjer undervegs i lesinga.
  2. Kvifor vart du ramma av akkurat desse delane av teksten?
  3. Kva meiner du er bodskapen i teksten? Grunngi ved å vise til konkrete tekstsitat.
  4. Det står ikkje oppgitt nokon sjanger på teksten. Kva sjangernemning vil du gi teksten? Grunngi svaret ditt.
  5. Skriv ned det du meiner er dei to viktigaste verkemidla Harstad bruker for å få fram bodskapen sin.
  6. Kommenter avslutninga av teksten. Kva funksjon meiner du denne har?

Del 2. Jobb i grupper

  1. Plukka de ut nokon like tekstsitat som vekte kjensler?
  2. Er de samde om kva som er bodskapen i teksten?
  3. Øv på å lese opp teksten. Korleis vil de lese denne høgt for å få fram bodskapen?

Del 3. I klassen

  1. Plukk ut ei av gruppene til å lese høgt for resten av klassen.
  2. Trefte teksten dykk? Alle i klassen skriv ned eit tal frå 1–10, der 1 markerer at denne teksten ikkje engasjerte deg i det heile, medan 10 betyr at teksten engasjerte deg veldig.
  3. Diskuter i klassen: Kvifor engasjerte han (ikkje)?
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2020

Læringsressursar

Retorisk analyse