Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Retorikk til forsvar for gutane

Korleis prøver eit lesarinnlegg å overtyde oss om at vi må ta betre vare på det som blir kalla "det sterke kjønnet"?

Her skal du øve deg på å gjere greie for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklege verkemiddel i eit lesarinnlegg. Lesarinnlegget tek utgangspunkt i NRK-dokumentaren Kjønnskampen Det er ein fordel om du har sett denne først.

Del 1. Hovudsyn

I mai 2019 sende femtenåringen Oskar Macdonald Dunlop inn eit lesarinnlegg til Aftenposten sine debattsider for ungdom, Si ;D. Lesarinnlegget blei skrive etter han hadde sett dokumentaren Kjønnskampen på NRK.

Oscar Macdonald Dunlop: Som ungdomsskuleelev trefte kjønnskampen meg hardt.

I denne oppgåva skal du veksle mellom å skrive aleine og snakke i grupper.

  1. Les lesarinnlegget og formuler skriftleg, på tre–fem linjer, det du meiner er hovudsynet i lesarinnlegget.
  2. Diskuter med andre i grupper: Har de forstått Dunlop nokolunde likt?

Del 2. Den retoriske situasjonen

Tekstar oppstår ikkje i eit vakuum. Det er svært viktig å sjå på konteksten til dette lesarinnlegget.

  1. Skriv ned: Kvifor har avsendaren skrive denne teksten? Kva vil han overtyde oss om? Kven er målgruppa? Kvifor skreiv han denne teksten akkurat på det tidspunktet han gjorde?
  2. Diskuter spørsmåla over i gruppene.

Del 3. Innleiande etos

Vurder avsendaren sin innleiande etos.

Innleiande etos er det førehandsinntrykket vi har av den som har skrive teksten før vi har lese han. Til dømes vil ein røyrleggjar ha betre innleiande etos enn ein skuleforskar om saka gjeld kva vi skal gjere med røyr i gamle hus. Og ein heilt ukjend person vil ofte ha svakare innleiande etos enn ein vi veit er ekspert på eit emne.

Drøft i grupper:

Korleis meiner de at den innleiande etosen til Dunlop er? Er det argument som taler for både sterk og svak innleiande etos?

Tenk over

Dunlop er ein ukjend femtenåring. Men husk at de alltid må sjå kva saka handlar om når de skal vurdere etos. Er det noko ved Dunlop sin alder og det at han er gut, som styrkjer den innleiande etosen hans?

Del 4. Språkfunksjonar

Vi vil alltid oppnå noko med det vi seier eller skriv. Og i eit lesarinnlegg er som oftast målet å overtyde mottakaren om ei sak. For å overtyde skriftleg har avsendaren berre verbaltekst som middel.

Vi seier at avsendaren kan overtyde på tre ulike måtar:

  • Ved å bruke ekspressivt språk. Då vil avsendar fortelje om kjenslene og haldningane sine for å påverke: "Eg blir utruleg skuffa om du forlèt meg".
  • Ved å bruke appellativt språk. Avsendaren prøver å overtyde ved å vende seg til og påverke mottakaren. "Ver så snill, du kjem til å angre på det om du forlèt meg."
  • Ved å bruke informativt språk. Når sendar prøver å overtyde ved å vise til fakta og vere objektiv, seier vi at hen brukar informativt språk.
  1. I Dunlop sitt lesarinnlegg er det gode døme på alle dei tre språkfunksjonane over. Skriv ned minst to døme på både ekspressivt, appellativt og informativt språk.
  2. Diskuter i grupper. Har de funne like døme?
  3. Det aller viktigaste er å prøve å forstå kvifor avsendaren argumenterer som han gjer. Kva er målet? Sjå til dømes på dei tre sitata frå teksten under. Dei er døme på tre ulike språkfunksjonar. Korleis prøver Dunlop å overtyde oss om hovudsynet sitt her?
  • "Som ungdomsskoleelev traff dokumentaren meg hardt. Jeg kjente meg igjen. Dokumentaren gav uttrykk for bekymring jeg har følt mye på. "
  • "Det kommer også frem at selvmordsraten blant menn er høyere enn blant kvinner, at flere gutter dropper ut av skolen enn jenter (...)"
  • "Problemene til menn har altfor lenge vært oversett. Det er på tide å gjøre likestillingsloven likestilt."

Del 5. Retoriske appellformer

Prøver Dunlop å overtyde ved å appellere til kjenslene (patos), spele på tillit (etos) eller fornuft (logos)?

Det vanlegaste er at avsendar bruker alle tre appellformene. Det gjer òg Dunlop.

  1. Sit i grupper og sjå på sitata de har funne i del 4 då de skulle undersøkje språkfunksjonane i innlegget. Vil de seie at desse sitata appellerer til patos, etos eller logos? Grunngi svaret.

Tips: Korleis grunngi?

Ei grunngiving er aller best når ho er konkret. Det er til dømes betre å seie:

  • "Her prøver han å overtyde ved å spele på samvitet vårt. Han vil at vi skal få medkjensle med han, derfor er det patos.

enn:

  • Her speler han på kjensler. Derfor er det patos.

Del 6. Kairos og aptum

Vurder kairos og aptum i lesarinnlegget

  1. Når du skal vurdere kairos, må du rett og slett sjå på "timinga" til avsendar. Kairos kan omsetjast med “den rette augeblinken”. Meiner de at Dunlop har vald den rette augeblinken for å overtyde lesarane? Hugs å grunngi svaret dykkar.
  2. Vurder aptum i teksten.
Kva er aptum?

Omgrepet aptum er henta frå latin og betyr “passande, veleigna”. Omgrepet omfattar meir enn augeblinken eller situasjonen som noko blir sagt eller skrive i. At noko er passande, betyr i retorisk samanheng at det støttar opp under formålet med teksten og bidreg til å overtyde. Teksten må for det første ha ei form (oppbygging, ordval, argument osb.) som passar til emne og formål. I tillegg må talen passe til slik talaren er som person, til publikum, til tid, stad og situasjon. Alt må stemme for at talen skal vere verknadsfull.

Relatert innhald

Her får du ei innføring i korleis det retoriske geniet Martin Luther King bruker retoriske grep i det som kanskje er den beste tala nokon sinne.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2020

Læringsressursar

Retorisk analyse