Hopp til innhald

Fagstoff

Tolking av reklameuttrykk

Vi er omgitt av kommunikasjon som prøver å få oss til å føle, meine eller tenkje. Korleis tolkar du kommunikasjon i reklameuttrykk?

Reklame prøver å påverke deg til handling. For å forstå korleis vi blir påverka, kan vi analysere ulike reklamar. Blir du god til å vurdere andre sitt arbeid, kan det hjelpe deg når du sjølv skal produsere ulike uttrykk.

Slik "les" du reklame

Her har du fem annonsar frå ulike oppdragsgivarar. Nokre av annonsane er laga for å selje, andre for å påverke haldningar. Når du skal vurdere ein annonse, er det nokre typiske spørsmål du kan stille deg. Desse spørsmåla kan du òg bruke når du gjer andre analysar.

Svar munnleg på spørsmåla under mens du granskar annonsane. Du kan gjerne samarbeide med ein annan.

Utskrift av annonsetekstane

Reklameannonse for McDonald’s Noreg

Mye ansvar i ung alder har gitt Ada verdifull erfaring som vil komme godt med i hennes fremtidige jobb som barnehagelærer.

Som en av Norges største arbeidsplasser for unge har vi hatt gleden av å gi mange sitt aller første møte med arbeidslivet. Vi har sett mange uerfarne gutter og jenter ta på seg uniformen for aller første gang, og de samme guttene og jentene blir ambisiøse ledere i restauranten kort tid etter.

Akkurat nå jobber det fremtidige lærere og leger i våre restauranter, og mange av dem kan sette ledererfaring på CV-en i ung alder. Det er noe å se frem til både for dem selv og nye arbeidsgivere.

Møt Ada og andre unge lovende på mcdonalds.no

Noe å se frem til.

Reklameannonse for Lerum eplejus

I saftbygda i Sogn har me vore særs opptekne av frukt og bær i over 100 år. Då er det kanskje ikkje så rart at produkta frå Lerum blir så gode. Eplejusen vår er laga av den finaste frukta, som er pressa når ho er på sitt aller beste. Prøv vår friske eplejus i ny pakning, kanskje du får litt frukt på hjernen du og.

Reklameannonse for Ruter reise

Donna føler seg ensom. Hun er ikke alene om å ha det sånn. Husk at et smil eller et hei kan gjøre en forskjell.

Reklameannonse for Amnesty

Menns vold mot kvinner er vårt største menneskerettsproblem. Send: STOPP VOLD til 1960 – nå! Da er du med i Amnesty-kampanjen Stopp vold mot kvinner. 3 kroner per. sms-melding.

Oversikt over teksten

Den retoriske situasjonen: Kven seier kva til kven, kvar, når, korleis og kvifor?

  • Kva sjanger er dette?
  • Kvar finn vi til vanleg denne typen tekst?
  • Kva er formålet med teksten?
  • Kva er produktet som skal seljast, eller kva er haldninga/verdien annonsen fokuserer på?
  • Kven er målgruppa for teksten?
  • Finn informasjon om sendaren på internett. Kva produserer bedrifta? / Kva gjer organisasjonen?

Nærlesing

Beskriv dei enkelte delane annonsen er sett saman av.

Hovudbiletet

  • Kva er blikkfanget?
  • Kva er plassert i forgrunnen?
  • Beskriv bakgrunnen. Kva viser han?

Tittel (overskrift)

  • Kva kan seiast å vere overskrifta i annonsen?
  • Kva slags informasjon gir overskrifta?
  • Kva slags tone blir skapt gjennom ord og skrifttypar?

Brødtekst

  • Kvar er han plassert?
  • Kva målform er brukt?
  • Gir brødteksten nokon fakta eller løfte?

Logo og slagord

  • Kor ofte blir logoen vist?
  • Kva er slagordet?
  • Kva slags inntrykk av sendaren gir slagordet?

Fargebruk

  • Kva farge er den mest iaugefallande i annonsen?
  • Kva fargar er det mest av i annonsen? Er det kjølige eller varme fargar?
  • Kvifor trur du sendaren har valt denne fargen eller desse fargane?

Retorikk og argumentasjon i annonsen

Undersøk korleis bilete, tekst og grafiske verkemiddel blir brukte til få sendaren til å verke truverdig, til å gi saksinformasjon og til å appellere til kjenslene hos lesaren.

Etos: truverdet til sendaren

  • Korleis prøver sendaren å verke i annonsen?
  • Korleis bidrar tekst, bilete og grafiske verkemiddel til å skape dette inntrykket av sendaren?

Logos: direkte argumentasjon

  • Finn du etterprøvbare fakta i annonsen?
  • Finn du påstandar som ikkje kan etterprøvast?
  • Kva kan få oss til å godta påstandane likevel?

Patos: appell til kjenslene

  • Korleis bidrar tekst, bilete og grafiske verkemiddel til å vekkje kjensler?
  • Kva kjensler prøver sendaren å vekkje?

Refleksjon

  • Kva kan du lære av å vurdere andre sitt arbeid?
  • Kva annonse gjorde mest inntrykk på deg? Kvifor gjorde han inntrykk, trur du?
  • Nemn to ting som du vil hugse på og ta med deg i din eigen produksjon.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020

Læringsressursar

Retorisk analyse