Hopp til innhald

Fagstoff

Argumentasjonsknep

Det finst argumentasjonsmåtar som er meir knep enn argument, men dei er mykje brukte likevel fordi publikum "kjøper" dei gong på gong. Dess større grunn til at du skal vere merksam på dei!
Den republikanske presidentkandidaten Donald Trimp omgitt av mikrofoner og kameraer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å berekne publikummet sitt - eller å vere bereknande?

Ein person som er god til å argumentere, set seg inn i korleis mottakaren tenkjer og føler, og utnyttar dette i argumentasjonen sin. Det er slett ikkje berre drivne debattantar som gjer slikt. Vi bruker alle ein del argumentasjonsmåtar som vi veit speler på haldningane og kjenslene til mottakeren. Desse argumentasjonsmåtane blir gjerne kalla argumentasjonsknep fordi dei ikke alltid toler eit kritisk blikk, og fordi dei inneheld ein sterk, skjult argumentasjon. Nedanfor kan du lese om nokre av desse knepa.

Verdiknepet

Sendaren kan appellere til verdiane eller livssynet til mottakaren for å overbevise han eller henne:

"Dersom vi verkeleg er opptekne av å verne om dyrelivet i nord, korleis kan vi då tillate oljeboring i Lofoten og Vesterålen?"

"Ein god muslim drikk ikkje alkohol. Derfor bør du la vere å drikke."

Smisking

Ei anna moglegheit er å rose mottakaren eller smiske for han:

"Eg synest du er superflink i matte. Kan du pliiis hjelpe meg med dette reknestykket?"

Fornuftsknepet

Ein variant av smisking er fornuftsknepet:

"Du som er ein smart fyr, skjønner sikkert at du bør investere i bustadbygg akkurat no. Prisane kjem berre til å stige."

Med ei slik formulering slår talaren to fluger i ein smekk: Han blidgjer mottakaren ved å kalle han smart, samtidig som han kan bestemme kva som skal oppfattast som klokt eller dumt.

Fleirtalsknepet

Dei fleste synest det er tryggjande at andre er einige med dei. Dette kan sendaren utnytte ved til dømes å vise til fellesskapet eller til fleirtalet:

"Du er ikkje aleine om å meine dette. Så godt som heile kommunestyret står samla om dette kravet."

"Dei fleste er i dag einige om at ..."

Det kan verke overbevisande når nokon påstår at han eller ho har mange bak seg som meiner eller gjer det same. Men det er slett ikkje sikkert at det er sant – eller at fleirtalet alltid har rett.

Analogiknepet (det liknande tilfellet)

Når vi skal ta stilling i ei sak, samanliknar vi gjerne med tilsvarande situasjonar som vi har høyrt om eller opplevd sjølve. Vi støttar oss til tidlegare erfaringar fordi det gjev oss ei form for tryggleik.

"Då vi arrangerte klassetur i fjor, var det berre halve klassen som møtte. Det er for dårlig. Derfor blir det ikkje nokon tur i år."

Det er likevel ingen naturlov som seier at turen vil ende på same måten neste gang òg – det er berre større eller mindre risiko for det.

Nyheitsknepet

Få ord har større verknad på oss menneske enn ordet "nytt", og svært ofte trur vi heilt ukritiske at nytt er det same som betre. Ein person som er imot det nye, endar dessutan lett opp med stempelet som sidrumpa surpomp. Og dét har nok ingen lyst til å vere, derfor kan det vere vanskeleg å vere personen som seier nei.

"Dei nye høghastigheitstoga er framtida! Noreg bør òg satse på slike tog."

Tradisjonsknepet

Det motsette av nyheitsknepet er tradisjonsknepet, der den underliggjande tankegangen er "slik har vi alltid gjort, og slik skal vi fortsetje å gjere." Dei fleste opplever det som trygt at det finst ting som ikkje forandrar seg, men om vi menneske berre hadde søkt tryggleik heile tida, ville vi nok framleis budd i hòler, jakta på småvilt og sanka bær kvar dag. Forandring kan vere av det gode!

Personangrep

Det hender at somme prøver å latterliggjere nokon viss dei er ueinige, eller dei kan prøve å så mistanke om motiva eller ærlegdommen til vedkommande. Dette er gjerne eit forsøk på å avleie publikum frå det faktum at ein har gått tom for relevante argument.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Retorisk analyse