Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Retorisk analyse av ein politisk appell

Målet med å analysere ei utsegn er å forstå korleis avsendaren prøver å påverke mottakaren. Då bør du gå i djupna og sjå på samanhengen mellom språklege verkemiddel og appellformer.

Ein politisk appell med ein klar bodskap

I forkant av kommuneval og stortingsval er det ei rekkje partileiardebattar på NRK. Etter den siste debatten får alle partileiarane eitt minutts taletid kvar til ein sluttappell. Les Siv Jensen sin appell frå 2007 nedanfor, eller sjå videoklippet.

"Kjære veljar!

Då Frp foreslo å innføre fritt sjukehusval, blei vi latterleggjort. I dag er det gjennomført. Då vi foreslo å innføre stykkprisfinansiering i helsevesenet, blei vi òg latterleggjort. I dag er det delvis gjennomført. Då vi snakka om søndagsopne butikkar, lo dei av oss. I dag ser vi det som sjølvsagt.

No blir vi latterleggjort fordi vi ønskjer lovfesta eldreomsorg, finansiert av folketrygda. Fordi vi ønskjer fritt skuleval med ei statleg stykkprisfinansiering. Fordi vi ønskjer å bruke litt meir av det gigantiske overskotet vårt på å byggje trygge vegar utan bommar, og fordi vi ønskjer ein streng og rettferdig innvandrings- og integreringspolitikk.

Men du veit at dette vil gi deg og familien din tryggleik, valfridom og verdigheit. Derfor skal du røyste Framstegspartiet måndag 10. september. Godt val!"

Del 1. Å forstå mål og meining

Les heile appellen. Skriv ned

  • kva som er Siv Jensen sitt mål med denne appellen
  • korleis ho prøver å overtyde lyttarane

Samanlikn med ein annan i klassen. Har de skrive det same?

Del 2. Å "avsløre" dei språklege verkemidla sendar bruker

I denne delen av oppgåva kan du velje nivå sjølv. Målet er å bruke fagomgrep om dei språklege verkemidla Jensen bruker i appellen sin. Dersom du trur du klarer å setje namn på verkemidla utan hjelp, så gjer det. Om du vil ha nokre hint på vegen, kan du finne dette lengre ned på sida.

  • Les det første avsnittet. Kva for eit språkleg verkemiddel bruker Siv Jensen gjennomgåande i dette avsnittet? Skriv ned det riktige fagomgrepet på ein lapp. Byt lapp med sidemannen. Skreiv de det same? Dersom de ikkje skreiv det same: Forklar kvarandre kvifor de skreiv det de gjorde.
  • Kvifor meiner du ho bruker dette verkemiddelet? Korleis skal det bidra til å styrkje Jensen sin bodskap?
  • Les det andre avsnittet. Kva fagomgrep vil de bruke om det språklege verkemiddelet her? Korleis kan du sjå på dette som ei fortsetjing av det første avsnittet?
  • Gjer det same med det tredje avsnittet.
  • Samanlikn med sidemannen igjen. Har de skrive dei same fagomgrepa og lagt merke til like verkemiddel? Forklar kvarandre om de har ulike funn.
Hint

Avsnitt 1

Då Frp foreslo å innføre fritt sjukehusval, (a)
blei vi latterleggjort. (b)
I dag er det gjennomførte. (c)

Då vi foreslo å innføre stykkprisfinansiering i helsevesenet, (a)
blei vi òg latterleggjort. (b)
I dag er det delvis gjennomført. (c)

Då vi snakka om søndagsopne butikkar, (a)
lo dei av oss. (b)
I dag ser vi det som sjølvsagt. (c)

Avsnitt 2

No blir vi latterleggjort fordi vi ønskjer lovfesta eldreomsorg, finansiert av folketrygda. Fordi vi ønskjer fritt skuleval med ei statleg stykkprisfinansiering. Fordi vi ønskjer å bruke litt meir av det gigantiske overskotet vårt på å byggje trygge vegar utan bommar, og fordi vi ønskjer ein streng og rettferdig innvandrings- og integreringspolitikk.

Avsnitt 3

Men du veit at dette vil gi deg og familien din tryggleik, valfridom og verdigheit. Derfor skal du røyste Framstegspartiet måndag 10. september. Godt val!

Del 3. Å kople saman språklege verkemiddel og appellformer

Når Siv Jensen bruker språklege verkemiddel som kontrastar og gjentakingar, er det ei form for skjult argumentasjon. Den skjulte argumentasjonen speler ofte på kjenslene våre og skal bidra til å styrkje patos.

Den skjulte argumentasjonen kan òg ha som mål å auke avsendaren sin etos.

Diskuter i grupper: Synest de dei ulike språklege verkemidla bidrar til å auke etos- eller patosappellen i Jensen sin tale? Grunngi svara dykkar.

Del 4. Å skrive avsnitt i retoriske analysar

I denne siste oppgåva skal du øve deg på å skrive eit avsnitt i ein retorisk analyse.

Målet med avsnittet er å vise korleis dei språklege verkemidla bidrar til å styrkje etos- og/eller patosappellen i Siv Jensen sin tale.

Ein modelltekst

Under ser du eit døme på korleis Jensen bruker verkemiddelet direkte henvending for å auke patos i den siste delen av talen. Bruk gjerne modellteksten under som inspirasjon når du skal skrive ditt eige avsnitt.

Tips til kva du kan skrive om
  1. Skriv eit avsnitt om korleis tredelinga av det første avsnittet styrkjer etosappellen.
  2. Skriv eit avsnitt om korleis gjentakingane i avsnitt 1 og 2 er ei form for skjult argumentasjon.
  3. Skriv eit avsnitt om korleis dei verdiladde orda i det siste avsnittet speler på kjenslene til mottakarane.
CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2020

Læringsressursar

Retorisk analyse