Hopp til innhald

Fagstoff

Kan retorikk skape splid og hat?

Krass ordbruk og konstruksjon av fiendebilete kan skape sterke, negative kjensler mellom menneske. Korleis kan retorikken gi oss verktøy til å forstå og kjempe mot hat og utanforskap?
Bygning i Regjeringskvartalet etter terrorbomba. Alle vindauge er knuste, og bygningsdelar er spreidde utover plassen framfor bygningen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I retorikken tenkjer vi at språket kan påverke korleis vi forstår verda rundt oss. Til dømes kan bestemde måtar å omtale andre menneske på, vere med på å danne fiendebilete eller rangere menneske som mindreverdige. Hatefulle ytringar om ei gruppe menneske kan føre til at vi ser på dei som fienden som truar "oss andre".

Denne måten å omtale andre på blir kalla hatretorikk eller hatytringar. Viss slike ytringar om ei bestemd gruppe blir vanlege, kan det skape utanforskap og splitting mellom menneske i samfunnet vårt.

Kunnskap om retorikk kan derfor vere ein nødvendig reiskap for å forstå kva som skjer i samfunnet vi lever i. Vi kan tolke den offentlege debatten og mediebodskapane rundt oss ved å analysere verkemidla som blir brukte.

Tenk over / diskuter:

Før i tida blei det sett merkelappar som "neger","krøpling" og "idiot" på menneske som skilde seg ut på eit vis (hudfarge eller funksjonshemming).

  • Kvifor trur du desse merkelappane for det meste har forsvunne frå språket vårt?
  • Har du døme på situasjonar der det kan vere nyttig å bruke "oss" og "dei" for å styrkje tilhøyrsel og avstand?

"Oss" mot "dei"

Hatretorikken fungerer slik at vi lagar kategoriar for menneske der somme er innanfor og somme er utanfor. Vi kan sjå på kven som blir inkluderte i omgrepet "oss", og kven som blir skilde ut som "dei". Dette blir òg kalla inngrupper og utgrupper.

Det ligg ofte som premiss i slik argumentasjon at "dei" ikkje får vere med "oss", fordi det er noko grunnleggjande gale med dei. Slik blir "dei andre" kategoriserte i grupper på bakgrunn av fordommar om til dømes religion, etnisk opphav, seksuell orientering eller funksjonsevne.

Ved hjelp av språket kan vi slik signalisere avstand til utgruppa og nærleik til inngruppa, og dette forsterkar forskjellane mellom dei. Når vi i tillegg koplar negative eigenskapar til "dei" i kontrast til dei positive eigenskapane "vi" har, har vi etablert eit fiendebilete.

Eit døme

Forfattarane bak Aftenposten-kronikken "Drøm frå Disneyland" blei kritiserte for å bruke ein retorikk som skapte eit bilete av Arbeidarpartiet som landssvikarar. Forfattarane har i ettertid beklaga dei sterke verkemidla dei brukte. Vi skal sjå nærare på eit par sitat:

Vi som er glad i Norge, og som verdsetter tilhørigheten og identiteten det kulturelle fellesskapet i landet representerer, ser med undring og uro på hvordan dette fellesskapet forvitrer og undergraves av en innvandringspolitikk uten bærekraft.

og

Men, vil vi hjelpe Arbeiderpartiet med å bytte ut norsk kultur med «flerkultur»? Aldri! Vil vi bidra til kultursviket? Ikke om noen satte opp plakaten «skutt blir den som ...»! Vil vi noen gang føle oss «flerkulturelle»? Aldri i verden!

Her blir eit "vi", som er norske patriotar, sett opp mot "dei andre" som ikkje bryr seg om den norske fellesskapen og norske verdiar, slik at samfunnet "forvitrar", og verdiane forsvinn. Forfattarane òg til plakatane til nazistane under okkupasjonen av Noreg for å skape eit inntrykk av at AP er forrædarar, i motsetning til dei sjølve. Dei svært positivt og negativt lada orda i sitata er med på å forsterke avstanden mellom dei to sidene i konflikten som blir skissert opp i teksten.

Det er vanskeleg å bevise eller motbevise påstandane som blir sette fram. Det manglar logosargumentasjon som du som les kan ta stilling til sjølv. Argumentasjonen går føre seg i det skjulte, via kjenslene, og lesaren vil kanskje helst tilhøyre gruppa som bryr seg og stiller seg på forfattaren si side her.

Ei slik ytring aleine vil ikkje ha så stor påverknad på samfunnet, men i ein kontekst av hatefulle ytringar om "dei andre" kan ei slik ytring ha stor kraft.

Tenk over / diskuter:

Finn ei setning i eit debattinnlegg på nett der ordet "vi" er brukt og diskuter kven som er inkluderteog ekskluderte i dette "vi-et".

Patos som skaper negative kjensler

I tillegg kan måten vi snakkar om andre på, gi inntrykk av at dei ikkje er like mykje verd som "oss andre". Dette blir kalla dehumanisering. Vi har mange døme på dette verkemiddelet i historia. I andre verdskrigen blei jødane som gruppe omtalt i media som framande og mindreverdige, med ord som "rotter", "basillar" og "vampyrar".

I 1994 blei folkegruppa tutsiar kalla kakerlakkar i rwandiske radiostasjonar som sende hatpropaganda. Dette var med på å utløyse folkemordet i Rwanda, der nesten ein million menneske blei drepne.

Begge desse tilfella er døme på patosappell. Gjennom å samanlikne jødane og tutsiane med skadedyr appellerte dette til negative kjensler som avsky, frykt og mistillit. Ved å gjere "dei andre" svake, styrkjer vi òg vårt eige sjølvbilete – vi kjenner oss overlegne.

Hatretorikk i dag

I debattklimaet i dag er muslimar ei gruppe som blir omtalt på ein liknande måte. Fiendebiletet har ført til at islamofobi har blitt eit eige omgrep, på lik linje med antisemittisme (jødehat), som dessverre òg framleis er til stades i samfunnet vårt.

I rapporten "Holdninger til muslimer og jøder i Norge 2017" frå Senter for studiar av holocaust og livssynsminoritetar, svarte 39 prosent av dei spurde at dei var einige i påstanden "muslimar utgjer ein trussel mot norsk kultur". Dette har fått regjeringa til å lage ein handlingsplan mot muslimhets.

Tenk over / diskuter:

Korleis kan måten vi snakkar om flyktningane som har kome inn til Europa via Hellas på, påverke kor villige vi er til å hjelpe?

Viss du skulle lage ein handlingsplan mot hatretorikk, korleis ville han sjå ut?

To menn forsøkjer å få tilbake varmen kledd i foliar delte ut av frivillige. No ser dei to nye gummibåtar med flyktningar som kjem til øya. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva med ytringsfridomen?

I demokratiske samfunn er ytringsfridomen heilt sentralt. Bakgrunnen for denne retten er at menneske med makt ikkje skal kunne misbruke den makta for å stoppe meiningsmotstandarar.

Å seie meininga di er noko som kan styrkje demokratiet. Då bidreg du til å få fram kva slags ulike syn på saker som finst i samfunnet. Det er verdifullt at alle får seie meininga si, uansett kor ueinige vi er med dei.

Religionskritikk eller hat?

Religionskritikk har vore viktig i utviklinga av moderne samfunn, fordi han har utfordra haldningar og verdssyn som har vore i konflikt med meir moderne verdiar, som menneskerettar og demokratiet. Viktige verdiar i religiøse trusretningar kan til dømes kome i konflikt med det mange ser på som sentrale, demokratiske verdiar. Då er det riktig å vere kritisk til desse. Men kva skjer når nokon tek i bruk eit språk som har trekk av hatretorikk, og som rammar religiøse menneske som gruppe? Er det då framleis berre religionskritikk?

Her møter vi eit dilemma. Vi ønskjer ytringsfridom, men ønskjer òg å verne menneske og grupper mot diskriminering. Derfor har straffelova lagt ei avgrensing på denne fridomen. Lær meir om denne lova i filmen frå Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) under. I Straffelovas paragraf 185 om hatefulle ytringar står det:

Med bot eller fengsel inntil 3 år straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentleg setter frem en diskriminerande eller hatefull ytring.

Film frå Norges institusjon for menneskerettighetene: Visste du at noen ytringer er ulovlige og til og med straffbare?

Tenk over / diskuter:

Diskusjonen om kvar grensene for ytringsfridomen bør gå, er ein viktig, men vanskeleg diskusjon. Kva meiner du?

Kva slags språkbruk kan utgjere forskjellen mellom religionskritikk og hets av dei religiøse som gruppe?

Kjelder

Grue, J. & Svendsen, H. L. (2019, 15. mai). Retorikk. I Store norske leksikon. https://snl.no/retorikk

Lenz, C. (2015, juli). Hatprat i klasserommet. 22. juli-senteret. https://www.22julisenteret.no/aktuelt/artikler/hatprat-i-klasserommet

Nilsen, A. B. (2017, 12. september). Slik virker hatretorikken. Forskning.no. https://forskning.no/sprak-politikk-innvandring/debattinnlegg-slik-virker-hatretorikken/1162374

Ottosen, R. (2019, februar). Et varslet folkemord? Dekning av Holocaust i norsk og svensk presse. Idunn, 26(2). https://www.idunn.no/nmt/2019/02/et_varslet_folkemord

Prestegård, S. (2019, 22. august). Regjeringen lager egen handlingsplan mot muslimhets. Dagsavisen. https://www.dagsavisen.no/nyheter/innenriks/regjeringen-lager-egen-handlingsplan-mot-muslimhets-1.1572870

Rem, T. (2019, 4. oktober). Bokanmeldelse: Jødefiendtlig propaganda på norsk. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/kultur/i/9v0Orr/bokanmeldelse-joedefiendtlig-propaganda-paa-norsk

Strømmen, Ø. (2019, 23. august). Islamofobi. I Store norske leksikon. https://snl.no/islamofobi

Tobiassen, T. (2017, 4. august). Slik revolusjonerte Rwanda utdanningen for å forhindre et nytt folkemord. Universitas. https://www.universitas.no/rwanda/slik-revolusjonerte-rwanda-utdanningen-for-a-forhindre-et-nytt-folkemord/150963

Tybring-Gjedde, C. & Amundsen, K. (2010, 27. august). Drøm fra Disneyland. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/kaxkv/droem-fra-disneyland

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Retorisk analyse