Hopp til innhald

Fagstoff

Krav til faktaargumentasjon

Eit godt faktaargument må vere haldbart, relevant, og sterkt i forhold til motargument.
En forsker sitter og arbeider i et labor på Senter for stammcelleforskning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eit godt argument?

Litt flåsete kunne vi sagt at eit godt argument er eit argument som verkar. Men fullt så enkelt er det ikkje. Argumentet skal ikkje berre gjere inntrykk, det skal òg tole å bli vege og granska. Vi bør derfor spørje oss:

  • Er argumentet haldbart?
  • Er argumentet relevant?
  • Kor sterkt er argumentet i forhold til moglege motargument?

1. Eit godt argument er haldbart

Med haldbarheit meiner vi at ein påstand er sann, eller at han verkar sannsynleg og rimeleg. I tekstdømet "Forby dyreforsøk!" (sjå under oppgåva) kjem forfattaren med ei rekkje påstandar, til dømes:

  • Det finst ingen kontroll med dyreforsøk.
  • Det finst ingen lov som vernar forsøksdyra mot misbruk.

Dei fleste lesarane har neppe tilstrekkelege kunnskapar til å vurdere om desse påstandane er sanne. Dei kan velje å stole på forfattaren, men strengt teke bør dei undersøkje om dei faktisk stemmer, uansett om dei deler synet til forfattaren eller ikkje.

Relatert innhald

2. Eit godt argument er relevant

Vi må òg kontrollere at forfattaren held seg til saka. Alle argument og premissar må vere relevante, det vil seie at dei må ha betyding for spørsmålet ein tek opp:

  • Er det relevant for saka at dyr blir utsette for smerte, og at dei blir drepne?
  • Er det relevant at dei fleste dyreforsøka gjeld kosmetikk, reingjeringsmiddel og liknande?
  • Kvifor er det i så fall relevant?

Det er ikkje forfattaren aleine som bestemmer om eit argument er relevant. Han må òg overtyde lesaren om at argumentet er viktig for saka.

3. Eit godt argument er sterkt

Vi må òg vurdere om argumenta til forfattaren er sterke nok overfor moglege motargument. Ein person som forsvarer dyretesting, kan til dømes komme med motargument som dette:

  • Bioteknologiforskinga gjer stadig framsteg. Forskarane kan no teste nye legemiddel på stamceller i laboratoriet og fjerne dei som har alvorlege biverknader allereie før dei blir prøvde ut på dyr og menneske. Slik minskar ein risikoen for skadar og lidingar hos forsøksdyra (og hos menneska som prøver ut medisinane).

Eit slikt faktaargument kan til dømes svekkje påstanden "Millionar på millionar av dyr blir [...] utsette for dei mest pinefulle forsøka".

Heilskapen

Argumentasjonen i ein tekst kan vere utfyllande eller avgrensa, balansert eller einsidig. I eit debattinnlegg til dømes skal forfattaren innta eit klart standpunkt og vere kortfatta, og derfor må han konsentrere seg om nokre få, sterke argument som støttar opp om dette standpunktet.

Også debattartikkelen argumenterer for eit bestemt syn, men her er det rom for fleire argument og større utdjuping. I drøftingsoppgåver i skulen er kravet at vi skal presentere relevante argument både for og imot ei sak, vege og vurdere dei og så komme fram til ein konklusjon. Som vi ser, avheng det av sjangeren kor balansert og omfattande argumentasjon vi krev av forfattaren.

Relatert innhald

Kva synest de om skuleuniform? Oppgåve der du skal vurdere relevansen av ulike argument og arrangere ein paneldebatt.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Retorisk analyse